Regjeringa vil stramme grepet om kraftbransjen. Slik skal den hindre framtidig rasjonering av straum.

Det er viktig nok, og heile grunnen til grepet.

I ein marknad der det blir stadig større mangel på kraft, aukar behovet for styring. Billigare straum gir desse grepa likevel ikkje. Snarare tvert imot.

«Vi skal alltid ha nok vasskraft i magasina, og folk skal alltid ha nok straum». Dette var hovudinnhaldet i statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sine lovnader til forbrukarar og næringsliv fredag.

Kraftprodusentane får no eit sterkare og lovfesta ansvar for forsyningstryggleiken. Tar dei ikkje ansvar, risikerer dei sanksjonar.

Er det fare for rasjonering, kan energistyresmaktene gripe inn – også med å bremse eksporten.

Etter ein haust i fjor der magasinfyllinga i Sør-Norge gjorde at vi såg rasjonaliserings-spøkelset i kvitauget, er det fornuftig å ta grep. Vi må sikre oss at vi har god nok kontroll med ein så samfunnskritisk ressurs.

For ei regjering som har vore under konstant press under den verste straumkrisa på fleire år, er det i tillegg avgjerande å vise handlekraft.

Men alle gode tiltak har ein pris. I dette tilfellet: Høgare straumpris.

Hadde vi hatt desse tiltaka før hausten 2021, kunne rett nok det ha sikra oss betre mot tørråret i Sør-Norge og den europeiske energikrisa i 2022. Krav om høgre magasinfylling kunne ha tatt toppen av det verste prissjokket.

Vi ville hatt ein buffer «på konto» å ta av.

Slik sett kan regjeringa sine tiltak gi ei verdifull forsikring.

Føresetnaden for dette er at tiltaka blir innretta rett. Vi må ha ulike krav til magasinfylling avhengig av geografi på grunn av flaskehalsane i nettet. Det må også vere ulike krav til ulike typar magasin.

Alle andre år, når energimarknaden ikkje står i full fyr, kan dei same tiltaka derimot virke prisdrivande. Vi kan få mindre svingingar, men sluttsummen over tid kan bli litt høgare i gjennomsnitt.

I tillegg til at vi må setje av ein større buffer, vil nemleg auka etterspurnad drive prisen opp.

Statnett sin siste prognose spår kraftunderskot i Norge allereie om tre år. Auke i kraftproduksjonen, energieffektivisering eller import er det einaste som kan motverke dette. Det toget er allereie på god veg frå perrongen.

Utbygginga av fornybar kraft, både vasskraft og vindkraft på land, er i realiteten stoppa opp. Det skjer på same tid som elektrifiseringa av samfunnet akselererer kraftig.

Vegen fram til ny kraftproduksjon som monnar er lang.

Kraftprisen vi skal ut med framover er ikkje eit resultat av manglande styring med marknaden. Vi må betale for gamle synder:

Manglande satsing på ny produksjon.