Vi rakk knapt å trekke pusten etter nyheita om renteauke i starten av november, før DNB spådde ny dobbel renteheving om kort tid. Årsaka er at prisane har stige med 7,5 prosent det siste året, og meir enn forventa også i oktober.

Ei gjennomsnittleg norsk hushaldning har 1.500 kroner mindre å rutte med i månaden enn i fjor på grunn av den sterke prisveksten, viser ein fersk rapport frå SSB. For somme er det dramatisk. Men, faktum er at det ikkje står så ille til i Norge om dagen. Ifølge Norges Bank er det høg aktivitet i norsk økonomi, og arbeidsløysa er på eit historisk lågt nivå.

Det ser vi att i forbruket i vårt, og spesielt her i regionen. Ifølge Marita Løvik Stadsnes i Sparebank 1 SMN ser ikkje hushaldningane her ut til å ha tatt innover seg at forbruket bør leggast om. Ifølge banken har privat forbruk auka med 14 prosent i haust samanlikna med i fjor – og det er korrigert for den store prisveksten.

Det vil kunne ta tid å få roa inflasjonen, og så lenge den galopperer av garde, er norske hushaldningar sårbare på grunn av den høge gjeldsgraden. Sjølv om det kan verke som eit paradoks at rentene blir heva når folk slit med auka prisar på andre område, heng det dessverre tett saman.

Regjeringa har dessutan hissa på seg mange ved å i tillegg innføre skattetiltak som går utover ei rekke bedrifter. Det affiserer ikkje statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) som er tydeleg på at han er villig til å bli upopulær for å få økonomien på rett kjøl. Kort sagt er det meininga at vi alle, både folk og bedrifter, skal få dårlegare råd no. Håpet er at det vil gi oss sjanse til å få betre råd på sikt igjen utan at økonomien kollapsar i mellomtida.

I ein kronikk skriv Elisabeth Breivik i Interkreditt at inkassobransjen ser allereie ei auke i bedriftskrav, noko som kan bety ei konkursbølge om kort tid. At fleire mistar jobben og får dårlegare råd, vil som konsekvens også kunne bidra til å stabilisere inflasjonen på sikt. Nedsida er openbert at fleire av oss vil kunne hamne i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon før det skjer.

Rådet er derfor at vi alle strammar igjen livreima framover. Det viktigaste kvar av oss kan gjere, er å betale ned lån og spare i staden for å forbruke. Og til julehandelen må du gjerne velje gåver frå ei norsk bedrift du har lyst å behalde, for ikkje alle vil overleve denne vinteren.