50 år har gått sidan sex mellom menn vart avkriminalisert i Norge. Det tok fleire tiår etter dette før homofile vart likestilt i lov.

I praksis har vi langt igjen.

Hets, fordommar og nedsetjande haldningar gjer at mange homofile ikkje vågar å vere opne om si legning. Slik kan dei få redusert livskvalitet og svekka levekår, og fleire slit også psykisk.

I 70 år slo den norske straffelova fast at sex mellom menn kunne straffast med inntil eitt år i fengsel. Først i 1972, for akkurat 50 år sidan i desse dagar, var skampletten fjerna.

I tiåret etter kom så eit lovfesta vern mot grovt krenkande ytringar.

Etterkvart vart fleire rettar lovfesta, slik som partnarskapslova i 1993 og den kjønnsnøytrale ekteskapslova i 2008, før forbodet mot diskriminering av homofile kom inn i diskrimineringslova.

Med omsyn til negative haldningar og fordommar har vegen vore tyngre enn i lovverket på fleire samfunnsområde. Ein stad vegen har vore ekstra tornefull er i Den norske kyrkja.

Debatten i kyrkja har gjort mange mykje vondt.

Fordøminga av homofilt samliv har vore hard, både i offisielle kyrkjelege organ og i ordskiftet. Biskop Rosemarie Köhn fekk føle pisken så hardt at ho gjekk imot eiga overtyding og tok lesbiske Siri Sunde ut av teneste i 1997.

For mange homofile har det gjort ekstra vondt at fordøminga har vorte sukra forsikringa om at kyrkja var open også for dei. Sanninga er at kyrkja her sette omsynet til kyrkjeleg einskap framfor omsynet til dei homofile.

Først i 2007 ga Kyrkjemøtet opning for to syn.

Også i spørsmålet om homofilt ekteskap har dette ført til endra praksis. I 2016 kom det historiske vedtaket om kyrkjeleg vigsel av likekjønna par, og året etter vart dagens vigselsliturgi vedteken med stort fleirtal i Kyrkjemøtet.

Eit halvt århundre etter opphevinga av «homoparagrafen» har Bispemøtet no erkjent kva skade denne debatten har gjort. I ein uttale vedgår biskopane at kyrkja har påført mange menneske stor skade og smerte.

Det er ei viktig erkjenning, særleg for kristne homofile som har kjent dette ekstra hardt.

Det er berre så synd at det tok så lang tid.

Kyrkja lærer oss om nestekjærleik, men her har kyrkja lenge satt omsynet til kyrkja sin einskap før kjærleiken. Her har ein altfor lenge oversett korleis tonen i debatten har vore til skade for folk som sleit tungt med aksept, både frå seg sjølv og andre.

Uttalen frå Bispemøtet bør vere starten på ei større sjølvransaking.

I kyrkja skal det vere rom for tilgjeving, men tilgjeving føreset ein djup, tydeleg og ekte anger.