Det var mykje merksemd rundt Iran då hundretusenvis tok til gatene for å demonstrere mot presteregimet etter drapet på 22 år gamle Mahsa Amini i september 2022.

Blant dei som i årevis hadde kjempa kampen mot seksualisert vald og strenge kleskrav for kvinner i landet, var Narges Mohammadi som fekk Nobels fredspris for 2023. Ho møtte aldri på utdelingsseremonien, sidan ho sit fengsla for å ha uttrykt seg kritisk mot sitt eige autoritære, islamske regime.

Det har dessverre gått frå vondt til verre det siste året, og Amnesty International har sidan kome med ein hårreisande rapport om vald og valdtekter av både menn og kvinner som deltok i demonstrasjonane. Rekordmange har fått dødsstraff.

Kva som føregår i Iran er ikkje irrelevant for omverda.

Tidlegare FrP-politikar Per Sandberg hevda for nokre år tilbake at Iran var eit «fantastisk ferieland» etter eit besøk, men det er ikkje tilfelle lengre.

I april 2022 var den 33 år gamle EU-diplomaten Johan Floderus på ferietur med venner til Iran, då han blei arrestert. Sidan har han vore sperra inne og torturert i same fengsel som Nobelprisvinnaren held til i.

Han risikerer no dødsstraff utifrå ei uklar skulding om spionasje. Sverige og EU trur skuldinga dreier seg om ein statleg reaksjon etter at Sverige gav livstidsdom til ein iransk offiser som er funnen skuldig i tortur og massedrap av politiske fangar i Iran på 1980-talet. Lagmannsretten i Sverige opprettheldt nyleg dommen, og framtida til Floderus er derfor utrygg.

Utanriksdepartementet fråråder no alle reiser til Iran.

Landet er også med på å gjere det utrygt i andre delar av verda. Den siste tida har dømes Rødehavet dukka opp som eit livsfarleg område, kor den Iran-støtta Houthi-militsen har stått bak ein rekke åtak på blant anna eit norsk skip. Åtaka kan få reelle konsekvensar for internasjonal handel, og er dermed eitt av grepa det iranske regimet brukar for å påverke verdspolitikken i sin favør.

Vi kan ikkje la Iran få ture på. Som minimum bør vi vise kor vi står ved å tydeleg støtte dei som står i kampen om eit friare og betre samfunn i heimlandet sitt. Lukkast kampen, kan vi kanskje bli like heldige som Sandberg og få oppleve Iran som eit «fantastisk ferieland», i staden for eit fælt terrorregime.