I fjor døydde 65 millionar fisk i norske oppdrettsanlegg. Andelen fisk som døyr i merdane går ikkje ned, men opp. Dette er ein trend som næringa er nøydd til å snu.

Så høge tapstal skadar både økonomi og omdøme.

Betre fiskevelferd er avgjerande for at denne næringa skal kunne verte den framtidsnæringa den er tenkt å vere.

Havforskingsinstituttet la fram si årlege risikoanalyse for oppdrettsnæringa onsdag. Den syner at det døydde sju millionar fleire laks i merdane i fjor enn året før. I snitt var dødelegheita i fjor rundt 16 prosent.

Både i absolutte tal og i prosent er dei høgaste tala som er registrert så lenge det er ført statistikk på dette.

Ei forklaring er ei uvanleg oppblomstring av perlesnormanetar langs delar av kysten. Men sjølv utan dette er tala for høge. Innsatsen for å styrke fiskevelferda har enno ikkje gitt gode nok resultat.

Oppdrettsnæringa er viktig for Norge, både målt i verdiskaping og sysselsetting. Reknar vi inn ringverknader, er talet på sysselsette på over 50.000. Nofima anslo i sin siste ringverknadsrapport at næringa stod for ei verdiskaping på nær 76 milliardar kroner i 2022.

Møre og Romsdal er det femte største oppdrettsfylket i landet mål både i sysselsetting og verdiskaping. Oppdrett gir arbeid til nær 6.000 i fylket, og representerer ei verdiskaping på nær ni milliardar.

Både næringa og styresmaktene har store ambisjonar om vidare vekst.

Skal desse ambisjonane realiserast, har næringa ein jobb å gjere. Innsatsen for å betre fiskevelferda må stå høgt på arbeidslista. Det er ikkje vanskeleg å vere samd med forskarar i at nivået på dødelegheita i merdane nærmar seg det uakseptable.

I området frå Stad til Hustadvika har tapstala gått litt ned i fjor, men ligg framleis på rundt 15 prosent. Høgast tapstal er det i området frå Sunnhordland til Stad. Der gjekk kvar fjerde fisk tapt, opp til 50 % i enkelte anlegg.

Dette er eit alvorleg etisk problem, men også til skade for omdømet til næringa.

Vi må akseptere at dette er ting det tar tid å endre, og at vi aldri kan få ei dødelegheit på null. Det er det heller ikkje i anna husdyrproduksjon. Rundt 100.000 lam og sauer, eller godt over fem prosent, går tapt på beite kvart år. Vel ein av ti grisungar døyr den første levemånaden.

For ei laksenæring som går med store overskot, er dette sjølvsagt inga orsaking for ikkje å gjere meir for å få betre dyrevelferd. Men det bør kanskje vere eit tankekors for MDG, som i Stortinget torsdag foreslo å straffe alle som har dødelegheit på over fem prosent i merdane.

Eit slikt utspel er meir til skade for MDG sitt omdøme enn sjømatnæringa.