Spesialeininga for politisaker har konkludert med at det var openbert at politiet måtte gripe inn overfor ein mann i Nedre Strandgate i slutten av januar i år. Maktbruken som vart utøvd, var heilt nødvendig. Politimennene kan ikkje klandrast for at mannen døde.

Konklusjonen er i samsvar med oppfatninga til fleire av dei sivile vitna på staden, samt ein uavhengig ekspert som Sunnmørsposten har vore i kontakt med. Eldar Søreide, som er professor i akuttmedisin og dekan ved Universitetet i Stavanger, har sett gjennom videoane og meiner politiet har gjort alt etter boka. Det er ikkje noko som tyder på at politiets bruk av mageleie var årsak til dødsfallet. Obduksjonsrapporten viser at mannen truleg døydde av forgifting. Det er gjort eit grundig arbeid med å få fram fakta, og dermed er det heller ikkje grunnlag for vidare spekulasjonar.

Politiet skal sikre tryggleik for alle innbyggarar og førebyggje farlege handlingar. Statens valdsmonopol vert utøvd av politiet i fredstid, og det vil seie at det berre er politiet som har rett til å utøve fysisk vald mot sivile. Avgjerande for at valdsmonopolet skal fungere, er at folk har tillit til at politiet er både rettferdig og sannferdig.

For å bygge tillit, må politiet sørge for at informasjonen til publikum er til å stole på. På grunn av misvisande informasjon frå politiet i samband med hendinga i Nedre Strandgate, fekk mange inntrykk av at politiet hadde noko å skjule. Operasjonsleiaren nekta for at politiet hadde lagt mannen i bakken, samtidig som video viste at politiet hadde gjort nettopp det.

Tidleg i denne saka skreiv Sunnmørsposten at mannen vart pågripen og lagt i bakken av politiet, basert på vitneobservasjonar. Då vi fekk opplyst at det var eit helseoppdrag, ikkje pågriping, retta vi og beklaga overfor lesarane våre. Problemet var at vi samtidig beklaga opplysninga om at mannen var lagt i bakken av politiet, på grunn av informasjonen vi hadde fått. Dermed fekk rykte og spekulasjonar gode vekstvilkår.

Det har vore mykje diskusjon om kva som vart sagt og ikkje sagt mellom Sunnmørsposten og politiet denne dagen, og derfor offentleggjer vi på smp.no lydloggen mellom journalist og operasjonsleiar.

Redaktørstyrte media har ei viktig rolle med å informere innbyggarane om det som skjer i samfunnet, og til å overvake alle former for makt. Politiet har erkjent og beklaga feilinformasjonen i denne saka, og det var heilt nødvendig. Politimeisteren skal ha ros for dei nødvendige grepa som vart tatt etterpå for å rydde opp.

Avgjerande for at valdsmonopolet skal fungere, er at folk har tillit til at politiet er både rettferdig og sannferdig