Lokalvalet i 2019 vart eit klimaval. Stortingsvalet i 2021 vart valet då klimapartia floppa. Framfor valet i haust har klima ramla endå meir ned på veljarane si favorittliste.

På same tid blir krise-symptoma stadig sterkare.

Temperaturen på kloden stig raskare enn før. Vintrane blir kortare. Isbrear og sjøisen i Arktis smeltar og krympar raskare. Episodar med ekstremvêr kjem tettare.

Klimarapportane er ikkje berre spådommar om ei klimakrise i fjern framtid, men om målbare endringar som akselererer. Isolert sett kan difor Aftenposten si nye undersøking om veljarane sine prioriteringar framstå som svært paradoksal.

Her kjem det fram at miljø og klima no er heilt nede på ein åttandeplass.

Det er eit langt fall frå 2021. På topp er helse, skatt og avgifter, eldreomsorg og økonomi og arbeidsliv fulgt av energi og straum. Vi må tilbake ti år i tid før klimasaka scorar like lavt.

Økonomiske krisetider set sjølvsagt spor i veljarane sine prioriteringar. Skyhøge straumprisar og inflasjonstal skaper naturlegvis uro. Har vi problem med å betale straumrekninga, kjennes klimakrisa fjernare og mindre akutt.

Saker som har med økonomi å gjere blir viktige.

Andre tema kjem av den grunn meir i bakgrunnen, nokre varig og andre for ei kort stund. Nokre saker er og blir ferskvare som kan gå ut på dato lenge før valdagen. Andre er forankra i varige verdispørsmål hos veljarane. Slike målingar fortel likevel ikkje alt om val av parti.

I valkampen i 2021 vart klimasaka ein del av ein svært polarisert debatt. Slutt på all leiting etter olje og gass på norsk sokkel vart av MDG gjort til eit ultimatum. Utan gjennomslag for eit slikt krav ville partiet ikkje delta i eller støtte ei regjering.

Klima og miljø vart ei av dei viktigaste sakene.

Dei sjølverklærte miljøpartia vart likevel ståande med minimal gevinst. MDG klarte ikkje å klatre over sperregrensa, og sikra seg vidare liv på Stortinget berre gjennom direktemandat. Suksessen uteblei også for Frp, partiet som klarast gjorde kampen mot høgre klimaavgifter til si sak.

Ei viktig forklaring på kvifor det gjekk slik, er at fleire parti har teke sin del av eigarskapet til klimasaka enn før. Meir enn før handlar det om ulike syn på tempo og type tiltak enn om mål og kriseforståing.

Klima- og miljø blir derfor ikkje lenger like avgjerande for partival. Å konkludere med at veljarane ikkje bryr seg, er likevel eit bomskot.

Parti som ikkje prioriterer denne saka, kan kome til å skyte seg sjølv i foten og tape veljarar - ikkje minst blant dei unge.