Under ni prosent av Den norske kyrkja sine medlemmar har røysta ved kyrkjevalet i år. Trass alt som er gjort for å få fleire til å røyste, stig ikkje røystetala.

For kyrkja må dette vere ei grunn til uro.

Demokratireforma som vart gjennomført før stat og kyrkje skilde lag, har i altfor liten grad gitt auka demokratisk legitimitet som resultat.

Den norske kyrkja og staten skilde formelt lag i 2012. Prosessen med å byggje ei sjølvstendig folkekyrkje på tuftene av den gamle statskyrkja var ikkje over med dette.

Både kyrkja sjølv og Stortinget har lagt nye byggesteinar til sidan, mellom anna med endring av Kyrkjelova og etableringa av kyrkja som eige rettssubjekt.

Å utvikle og styrkje det kyrkjelege demokratiet er ein viktig del av denne prosessen. Styrka kyrkjeleg demokrati er avgjerande for legitimiteten til dei styrande organa og for posisjonen til Den norske kyrkja som ei samlande folkekyrkje.

Ei kyrkje utan brei forankring i folket kan knappast kalle seg ei folkekyrkje. For Den norske kyrkja peikar mange piler feil veg. Eit medlemstal på over tre millionar er sjølvsagt ikkje ubetydeleg, men også her er statistikken dyster.

På mindre enn ti år har nemleg andelen av folket som er medlemmar falle med ni prosentpoeng til knappe 67 prosent. Berre litt over halvparten av alle nyfødde blir døypte i kyrkja, og talet på deltakarar i gudstenester stuper.

Den låge valdeltakinga blant medlemmane kjem på toppen av dette. Over tre millionar medlemmar betyr lite om storparten av desse er likegyldige.

Mange klarer seg heilt fint utan kyrkja. For desse er ikkje dette noko problem.

Andre meiner at det er bra med låg valdeltaking, fordi det gir meir makt til trufaste kyrkjegjengarar og dei som engasjerer seg mest.

For nokre av desse var valet i 2015 eit skremmeskot. Då fekk striden om likekjønna ekteskap langt fleire enn normalt til å røyste. Det bidrog til å endre kyrkja sitt standpunkt og praksis i dette spørsmålet.

Men for alle dei som brenn for å ha ei samlande folkekyrkje, bør alarmen gå.

Valdeltakinga var rett nok mykje lågare tidlegare, før valordningane vart moderniserte og reformerte. Det kan likevel ikkje vere ei kvilepute. Det er mot valordningane som eksisterer i dag, resultatet må målast.

Desse resultata fortel om ei kyrkje som storparten av medlemmane i altfor stor grad stiller seg likegyldige til.

Slik får vi ei kyrkje som også vert svekkja som kultur- og verdiberar, samlingspunkt i kriser og som arena for dei viktige rituala i livet. Ei kyrkje som fleirtalet er likegyldige til, kan ikkje kalle seg folkekyrkje.