Ein risikoanalyse knytt til gateterminalen i Ålesund har vore klar i snart eit halvt år. Politikarane i kommunen har likevel enno ikkje fått den på sitt bord.

Det er for svakt.

«Alle fakta på bordet» må vere regelen. Det er i seinaste laget å syne korta etter at heile kabalen er lagt. Særleg i ei sak som framleis er politisk omstridd vil det vere uheldig om det blir etterlatt eit inntrykk av at viktige fakta har mangla.

Risikoanalysen er utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kollektivselskap, Fram, saman med leiinga og vernetenesta i Vy. Her er det gjort ein grundig gjennomgang av nye gateterminalen sett frå kollektivselskapet si side.

Dei har klare krav til endringar og forbetring av dei gjeldande planane.

På lista deira står reint trafikale utfordringar og omsyn til effektiv trafikkflyt, men også spørsmål om bussjåførane sine arbeidsforhold og trafikktryggleik. Vernetenesta i Vy meiner at enkelte av punkta er så alvorlege at det kan bli lagt ned køyreforbod om det ikkje blir gjort endringar.

Så langt treng det sjølvsagt ikkje å gå. Mange av dei kritiske punkta i analysen er det alt teke omsyn til, og det bør vere råd å finne gode løysingar på andre. Ein gateterminal som skal gjere kollektivtilbodet i byen meir effektivt må ha løysingar som ikkje verkar motsett.

Og bussjåførane må ha gode og trygge arbeidsforhold.

Med ein god porsjon vilje og sunn fornuft bør ein klare å sikre dette.

Gateterminalen er ei viktig brikke i Bypakke Ålesund. Både bypakken og enkelte delar av den har vore politisk omstridde. Det gjeld også Gateterminalen, utforminga av den og valet av trasé gjennom sentrum for bussane.

Det har vore heftige dragkampar heilt ned i detaljane, mellom anna om varelevering, universell utforming, traséval og fjerning av parkeringsplassar i gateplan.

Det har vore mange forsøk på omkamp, og fleire av partia ser gjerne at det blir både ekstraomgangar og tillagt tid langt inn i valkampen.

Saksgrunnlaget i denne saka er omfattande. Prosessen har vore grundig og langvarig. Det er altså slett ikkje gitt at risikoanalysen frå Fram og Vy ville ha gitt andre vedtak enn dei som er fatta om den kom på bordet tidlegare.

Poenget er at det vil vi aldri få vite.

Må parkeringsplassar fjernast for at vi skal få ei forsvarleg trafikkavvikling, er det uansett ingen politisk bagatell. Heilt uavhengig av om slike spørsmål ville ha endra fleirtalet eller ikkje, er dette innspel som burde ha vore lagt fram for politikarane då dei var klare.

Gode fakta er alltid det beste grunnlaget for gode vedtak.