Talet på vernepliktige skal trappast kraftig opp dei komande ti åra. I dag er rundt 9.000 inne til førstegongsteneste i Forsvaret. Regjeringa sitt mål er 13.600 i 2036.

Kvantitet blir igjen viktig for Forsvaret.

Sjølv etter denne opptrappinga vil likevel ikkje «allmenn verneplikt» i praksis vere verneplikt for alle. Ved den kalde krigens slutt var talet på vernepliktige nær dobbelt så høgt.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) presenterte planen om denne opptrappinga på ein pressekonferanse på Terningmoen leir ved Elverum tirsdag. Ved denne leiren vil regjeringa investere for fleire milliardar for å auke kapasiteten til utdanning av framtidige rekruttar.

Dette er berre ei av brikkene av tiltak i den komande Langtidsplanen for Forsvaret. Planen vil først bli presentert i si heilskap førstkomande fredag.

Vi snakkar likevel om ei svært viktig brikke som fortel om ei kraftig auka satsing på Forsvaret, men også om eit forsvar som i ekspressfart er på veg tilbake i si «gamle» rolle som eit territorielt forsvar for avskrekking og mot invasjon.

Russland sin fullskala invasjon av Ukraina har gjort behovet for ei slik omlegging av Forsvaret tydeleg for alle – både fagmilitære og politikarar. Varsellampane har blinka lenge. NATO-medlemmane med grense mot Russland i aust advarte alt då russiske styrkar rykka inn i georgiske Sør-Ossetia i 2008.

Så kom Russland si annektering av Krym i 2014 og ti år lang krigføring i aust-Ukraina. Ikkje berre var den kalde krigen tilbake i Europa, men også blodige krigshandlingar.

Likevel har vi brukt lang tid på å vakne.

Allmenn verneplikt har vore ein berebjelke i forsvaret av Norge. Store delar av kvart årskull av menn avtente verneplikt fram til den kalde krigen sin slutt. Ved starten av 90-talet var rundt 25.000 inne til førstegongsteneste årleg.

Talet stupte raskt etter Berlinmuren sitt fall, oppløysinga av Sovjetunionen og tru på varig avspenning. På eit tidspunkt var talet under 7.000.

Dette heng også saman med at Forsvaret si rolle vart endra, frå eit territorialforsvar, sterkt til stades i store delar av landet, til eit «innsatsforsvar» som kunne stille profesjonelle styrkar i internasjonale operasjonar. Saman med økonomiske kutt gjorde dette utdanning av vernepliktige til ein klamp om foten på Forsvaret.

Opptrappinga som regjeringa no foreslår er slett ikkje dramatisk. Tvert om er den kanskje beskjeden. Med eit stadig meir autoritært og aggressivt Russland som nabo i aust, er det ei billeg forsikring å satse på eit mobiliseringsforsvar med sterk forankring i folket.

Som ei av fleire viktig brikker i framtida sitt forsvar av Norge.