Om vi skulle ha rekruttert framtida si arbeidskraft blant dei som blir fødde ved norske fødestover, ville det sett mørkt ut. Utan arbeidsinnvandring ville vi ikkje hatt sjanse.

Og verst ville det vore for distriktsfylka.

Møre og Romsdal er blant fylka som ville slite aller mest, i alle fall om vi skal leggje folketalsutviklinga i fjor til grunn. Fylket auka folketalet med 2.259 i fjor. Det er om lag det same som netto innvandring til fylket i fjor.

Fødselsoverskotet i fjor var så vidt stort nok til å fylle ei skuleklasse, samla for alle kommunane i Møre og Romsdal. Vi må gjerne flagge for kvar enkelt av dei nyfødde, men vi kan ikkje heise flagget for å ha vunne kampen mot sentraliseringa.

Møre og Romsdal er blant fylka som slit mest, syner den ferske folketalsstatistikken frå Statistisk Sentralbyrå.

Fødselsoverskotet i fjor var så vidt stort nok til å fylle ei skuleklasse, samla for alle kommunane i Møre og Romsdal

Berre tre andre fylke, Nordland, Vestland og Innlandet, hadde svakare utvikling i fjor med folketalsvekst godt under landsgjennomsnittet.

Oslo og Akershus var og er dei store folketalsvinnarane. Rogaland og Stavanger-regionen held desse med selskap etter å ha rista av seg den no snart ti år gamle olje-smellen.

Sentraliseringa er altså framleis sterk. Samla folketalsvekst i Norge var i fjor på vel 61.000. Nesten halvparten av denne var i desse tre fylka. Dei som såg for seg at pandemi-åra hadde snudd den flyttestraumen, må nok ta ein grundigare kikk på statistikken.

Draumen om at pandemien fekk folk til å velje heimekontor, katt og kaninar på landet i staden for bylivet, døydde lenge før den siste massevaksineringa.

I den grad folk flytta ut av Oslo-gryta i pandemi-åra, så var det til grytekantar som Lørenskog, Ski og Bærum. Og utan innvandring ville folketalsutviklinga også her vore stussleg.

Ei viktig årsak til folketalsveksten i Norge dei to siste åra er dei ukrainske flyktningane. På to år har talet på ukrainske statsborgarar i Norge auka frå 3.600 til 65.800.

I dag utgjer desse den nest største gruppa av utanlandske statsborgarar i Norge, etter innvandrarar frå Polen.

I større grad enn andre innvandrarar er ukrainske flyktningar busett i distrikta – så langt. I Møre og Romsdal var vel fire av ti innvandrarar i fjor frå Ukraina.

Kampen om arbeidskrafta er allereie knallhard i mange sektorar. I helsesektoren er dette eit stort og veksande problem. Verst blir det i dei regionane som ikkje klarer å trekkje til seg nye innbyggjarar utanfrå.

Møre og Romsdal er eitt av fylka som slit i motvind.

Vi må gjerne jobbe hardt for å halde på ungdommen, men fødselsoverskotet er altfor lite til at det vil monne. Utan innvandring stoppar Møre og Romsdal.