Berre knapt 30 prosent av jordas befolkning bur i eit demokratisk land. Det vil seie eit land med frie val, der folk er med på å bestemme kven som skal styre, der domstolane er frie, og folk kan ytre seg, og tru på kva dei vil utan å risikere fengsel. Demokrati er ingen ideologi, men ei styreform som også tek omsyn til mindretalet sine interesser.

Det motsette er autokrati der den politiske makta er samla hos ein eller få personar, som til dømes i Russland. Rundt år 2000 budde vel 50 prosent av alle menneske i land som ikkje var demokratiske, og no er dette talet 70 prosent. Det betyr at utviklinga har gått feil veg dei siste 20 åra.

Demokratiet som styreform blir pressa frå ulike kantar. Vi veit at statlege aktørar som Russland og Kina har interesse av å destabilisere demokrati, til dømes gjennom målretta påverknadsoperasjonar, desinformasjon og dataangrep. Politisk polarisering, som handlar om å skape fiendebilete og så tvil om meiningsmotstandarane sine gode intensjonar, er med på å svekke tilliten til dei politiske prosessane.

I Norge har politikarar klart å klusse til tilliten sjølv, til dømes ved brot på habilitetsreglar, pendlarbustadar og brilletjuveri. Mange fryktar at alle desse sakene skal føre til politikarforakt, og at folk let vere å stemme. Det vil vere synd.

Å la vere å stemme på grunn av desse mistaka, er svært uheldig, og vil berre tene dei som vil demokratiet til livs. Det er nettopp fordi vi lever i eit fritt og ope samfunn, at kritikkverdige forhold kan bli avdekka, og dermed bli retta på. Politikarar er ikkje meir enn menneske, og kan gjere feil. Derfor er openheit så viktig. Politikarar står ansvarleg overfor sine veljarar, og kan bytast ut om dei ikkje følger spelereglane. Slik er det ikkje i eit autokrati. Demokratiet er ikkje perfekt, men det finst ingen betre alternativ.

Norge troner på verdstoppen når det gjeld demokrati, ytringsfridom og pressefridom, og vi må ikkje tru at dette er naturgitt. Vi er privilegerte, men folkestyret er avhengig av at vi som innbyggarar held oss informerte. Likegyldigheit er ein trussel mot demokratiet, fordi låg valdeltaking kan svekke legitimiteten til folkestyret.

Vi håper at alle som har tenkt å bli verande i sofaen på valdagen, tenkjer seg om ein gong til. Valforskar Frank Aarebrot sa det slik: Heimesitting er ei halv stemme til den du liker minst.

I morgon er det for seint å angre, dersom du let vere å stemme i dag.

Godt val!

Å la vere å stemme på grunn av desse mistaka, er svært uheldig, og vil berre tene dei som vil demokratiet til livs