Lokale initiativ og lokalt press er alltid viktig for å få realisert satsingar i samferdsel. Kampen for ny Strynefjellsveg er ikkje noko unntak.

Statens vegvesen har no fått ein grunn mindre til å vente.

Kommunane Stranda, Stryn og Skjåk har løyvd fire millionar kroner til arbeidet. Statens vegvesen har tidlegare sagt at dei har kapasitet. Då bør det berre vere å gå i gang.

Strynefjellsvegen var ikkje med i Solberg-regjeringa sitt framlegg til ny Nasjonal Transportplan i fjor. Etter eit sterkt lokalt press vart det likevel fleirtal på Stortinget for å ta den med.

Statens vegvesen har følgt opp dette i sitt nye planprogram.

I dette programmet er det lagt opp til at planarbeidet skal starte i 2024. Byggjestart kan då bli i 2027. I så fall kan ny veg over Strynefjellet med sidearm til Geiranger opnast i 2033.

Så tolmodige er ikkje folk på Nordvestlandet og i Gudbrandsdalen.

Strynefjellsvegen er det viktigaste sambandet mellom aust og vest for Nordfjord, store delar av søre Sunnmøre og delar av Gudbrandsdalen.

Tida har gått frå strekninga for lenge sidan.

Vinterstid er den ofte stengt på grunn av ras og rasfare. Særleg tunnelane har ein standard som er heilt uakseptabelt dårleg. Slik kan vi ikkje ha det.

Vegen, slik den er i dag, er ein flaskehals for utviklinga av regionen. Ein ny og rusta opp veg vil gi ny giv, betre tryggleik og lågare transportkostnader.

Statens vegvesen bør ta imot denne utstrekte handa frå kommunane.

For turistbygda Geiranger vil det også vere viktig å få heilårsveg austover. Det vil styrke beredskapen for eit samfunn som ofte er isolert av snøskred.

I tillegg kan denne sidearma av vegen gi auka aktivitet for reiselivet i dagens lågsesongar.

Stryn, Skjåk og Stranda legg altså no fire millionar kroner på bordet for å få fortgang. Dette er meint som ei forskottering til Statens vegvesen, slik at planarbeidet kan starte allereie i år.

Det kan gjere ein stor skilnad.

Byggjestarten kan då framskundast med nær to år. I beste fall kan vegen stå ferdig tre år tidlegare enn Statens vegvesen no har planlagt, altså ha opning allereie i 2030.

Eigentleg er ikkje det ein dag for tidleg.

Statens vegvesen bør ta imot denne utstrekte handa frå kommunane. Etaten bør også merke seg presset frå fylkeskommunane, nær 20 kommunar i regionen, transportnæringa og fleire av partia på Stortinget.

Framstegspartiet har lagt fram forslag om å påleggje regjeringa å setje i gang arbeidet seinast neste år.

Statens vegvesen har no sjansen til å kome dette i forkjøpet.