Konkurslova er klar. Det er oppfølging og prioritering hos politiet som manglar, når enkelte kan bryte lova gjentatte gonger utan at dei må gjere opp for seg.

Sunnmørsposten har avdekka eit nettverk av personar som går konkurs gong på gong, og driv på sida av lova. Over 140 konkursar, hovudsakleg innan serveringsbransjen, er undersøkt. Personane i nettverket byter roller i selskapa til kvarandre, og kan dermed unngå konkurskarantene. Dei oppfyller ikkje opplysningsplikta, men gjer seg utilgjengelege for bustyraren. Enkelte reiser ut av landet.

– Når konkursane blir sett i system på denne måten, slik enkelte held på, er det ei form for organisert kriminalitet og svindel eigentleg, seier advokat Anders Svinø til Sunnmørsposten. Han er ein av fleire bustyrarar som er frustrerte fordi mange av dei sakene som blir meldt til politiet blir lagt bort. I rundt 70 prosent av dei konkursane Sunnmørsposten har undersøkt, meiner bustyrarane at det har skjedd noko straffbart.

Konkurslova slår fast at den som skuldar pengar har opplysningsplikt om alle økonomiske forhold etter at konkursen er opna. Det betyr mellom anna plikt til å finne fram rekneskapsbilag og andre dokument, og orientere om drifta. Du kan ikkje reise ut av landet medan konkursbehandlinga går føre seg, så sant du ikkje har fått løyve frå bustyraren.

Slik er lova, men den blir systematisk brote av mange i det nettverket Sunnmørsposten har avdekka. Problemet er at det får ikkje nemneverdige konsekvensar. Tvert om ser det ut til å vere lønsamt å gjere seg utilgjengeleg for bustyraren, og nekte å samarbeide.

Mangelfull etterforsking av konkurskriminalitet kan skuldast at sakene blir lågt prioritert av politiet. Når politiet må velje mellom å etterforske alvorlege overgrepssaker, valdskriminalitet, narkotikalovbrot og nettovergrep, kan oppfølging av mindre konkursar kome langt nede på lista. Enkeltvis kan sakene verke små. Dermed kan etterforsking bli prioritert ned, og sakene lagt bort. Det gir den organiserte kriminaliteten gode vekstvilkår. I tillegg til at konkurskriminalitet kan føre til betydelege økonomiske tap for kreditorar, investorar og tilsette, kan det på sikt undergrave tilliten til heile det økonomiske systemet. Det er svært alvorleg.

Å gå konkurs er ikkje kriminelt, men konkursbehandling kan avdekke ulovlege handlingar. Det er avgjerande at politiet har den kompetansen og dei ressursane som trengst for å kunne etterforske konkurskriminalitet. Samtidig må det jobbast med å endre haldningar. Det må aldri vere lønsamt å lure seg unna ansvar, og leve på andre sine pengar.

Det er avgjerande at politiet har den kompetansen og dei ressursane som trengst for å kunne etterforske konkurskriminalitet