Om mindre enn to månader er det lokalval. Igjen har medlemmar av regjeringa klart å rote det til. Ein kan lure på om det ikkje finst grenser for kor mykje sjølvskading det er råd å få til.

Tre statsrådar har på kort tid snubla kraftig i reglane for habilitet.

Slike feilsteg tærer på det som er ei regjering sin viktigaste kapital og aller såraste punkt: Tillit.

Fredag måtte altså forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) gå av. Han trekkjer seg også nestleiar i Senterpartiet og vil forlate den nasjonale politiske scena.

Sjølv sleit han altfor lenge med å innsjå eigne feil. Først då E24 undersøkte statsråden sine aksjekjøp i Kongsberg Gruppen, vakna han. Men sjølv då brukte han merkeleg lang tid for å forstå den uunngåelege konsekvensen.

Han trudde han kunne rydde opp i rotet han sjølv hadde skapt. Det er uforståeleg, særleg med tanke på at habilitets-bjellene i regjeringskontora har ringt kraftig dei siste vekene etter statsrådane Anette Trettebergstuen (Ap) og Tonje Brenna (Ap) sine overtramp.

Korkje statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), Arbeidarpartiet eller Senterpartiet toler slikt no. I september skal regjeringa opp til tentamen i lokalvalet. Sjølv om snittresultatet på målingane er dei beste på litt over eitt år, er det to skadeskotne regjeringsparti som går til valkamp.

Krise og krisehandtering er ei viktig forklaring på trøbbelet.

Krisene har stått i kø. Handteringa av pandemi, straumkrise og dyrtid har ført til uvanleg rask regjeringsslitasje. Fire statsrådar har så langt forlate regjeringa, alle på sjølvmål etter personlege feil.

Borten Moe og Trettebergstuen er begge felt av habilitetsbrot. Nyvald Ap-nestleiar og undervisningsminister Tonje Brenna vart også fanga i det same garnet. Det skjedde rett etter at bølgjene rundt personfokuset i maktkampen i partiet hadde lagt seg.

Slikt slit på tilliten til både regjeringa og Støre si evne til å leie den.

Når framståande listekandidatar for regjeringspartia er kritiske, er det ekstra alvorleg framfor innspurten i valkampen. Det gjeld både tillit til politisk leiing generelt og korleis statsministeren har handtert desse sakene.

Støre sin uttale om at han ventar at «statsrådene leser håndboka (...) Er det krevende, så kan man gå til justisdepartementet» må tolkast i lys av dette. Om ikkje dette er å skulde statsråden for høgare utdanning for å ikkje kunne lese, er det i alle fall ei klar melding om at tolmodet er slutt.

For å få stå-karakter på tentamen 11. september, kan det vere i seinaste laget.