For kommunen kostar det ikkje ei krone å utvide skjenketida med ein time. Det betyr likevel ikkje at det er kostnadsfritt.

Kostnadane er det enkeltmenneske og andre sektorar i samfunnet som må ta. Auka skjenketid betyr meir utelivsvald, meir alkoholskadar og større ressursbruk for politiet.

Dette må vegast opp mot meir personleg fridom og gevinsten til næringslivet.

Utvida skjenketid er ein av dei enkle vallovnadane å innfri for makthavarane i Ålesund. Dette er Frp, Høgre og Ålesundslista samde om, og dei slepp å grave djupt i kommunebudsjettet for å gjennomføre endringa.

Skjenking til klokka 03.00 vil bli ein realitet om kort tid.

Gevinsten bør ein likevel kunne stille spørsmål ved.

Kampen skjenketidene er ofte dominert av ytterpunkt. Dei som vil ha maksimal skjenketid, forsvarar dette med ofte med at det tener næringslivet, gir ein sunnare drikkekultur og at folk sjølv må ta ansvar for eige alkoholforbruk.

Tilhengarar av ein restriktiv alkoholpolitikk syner til at enklare tilgang til alkohol gir auka forbruk.

Statistikken fortel også at auka alkoholbruk fører til fleire dødsfall, meir sjukdom og fleire skadar i befolkninga. Alkohol er ein av dei viktigaste årsakene til redusert folkehelse i vår del av verda.

Kostnaden er det helsevesenet, arbeidslivet og andre sektorar i samfunnet som må bere.

Det er heller ikkje berre dei som sjølv har ein overdriven alkoholbruk som må betale prisen. Pårørande og offer for alkoholrelatert vald blir også ramma av andre sine rusproblem.

Endring i skjenketidene påverkar dette store biletet berre marginalt. Det er ikkje i utelivet nordmenn konsumerer mest alkohol. Ein time i skilnad på skjenketida igjen utgjer berre ein liten del av dette.

Ein større norsk studie har likevel påvist at auka skjenketid betyr noko. Denne timen gir eit markert utslag på utelivsvald og uro. Dette stadfestar også politiet, som må bruke større ressursar på utelivsuro.

For næringslivet betyr truleg denne tida auka inntekter, rundt ti prosent ifølgje ei anna norsk studie.

I tillegg gir blir ein viktig sosial møteplass for mange utvida med ein time, og dei fleste oppfører seg sjølvsagt bra.

Det er heilt legitimt å vektleggje dei positive effektane av utvida skjenketid meir enn slike skadeverknader. Det er likevel litt spesielt når fleire utelivsaktørar i Ålesund sentrum fortel Sunnmørsposten at dette ikkje er eit unisont krav frå bransjen.

Tvert om er fleire skeptiske. Ikkje har dette vore som noko massivt folkekrav heller. Det store spørsmålet blir derfor: Kvifor er det då så viktig?