Hets og utskjelling har blitt ein stadig større del av kvardagen for ferjemannskap langs kysten. No vil mannskapet ha skarpare reaksjonar for passasjerar som står bak slikt.

Det er meir enn lett å forstå.

Ingen skal tolerere hets, trugsmål eller vald på arbeidsplassen. Ikkje lærarar, ikkje helsearbeidarar, ikkje dørvakter og sjølvsagt heller ikkje ferjemannskap. Grove tilfelle bør straffeforfølgjast.

I sommar har det vore fleire saker i media om stygge opplevingar som ferjemannskap har vore utsette for. Hissige bilistar som ikkje har kome med ferja, har skjelt ut tilsette ved ferjeselskapa på det grovaste.

I enkelte tilfelle har det også vanka trugsmål om juling.

I førre veke vart ein matros på bilferja «Ampere» mellom Lavik og Oppedal påkøyrd. Ifølgje NRK skulle det vere av ein hissig bilist som skulle stansast frå å køyre av ferja.

Matrosen vart skadd.

Mannskapet på ferjene har som alle andre krav på eit trygt og godt arbeidsmiljø. Arbeidsgjevar har eit særleg ansvar for å syte for dette, og ansvaret avgrensar seg ikkje berre til det fysiske arbeidsmiljøet, men også det psykososiale.

Ein kvardag med utskjelling og hets kan vere ei stor belastning.

Reiarlaga må gjere det dei kan for å redusere denne belastninga.

Eit tiltak bør vere å melde fleire av dei grove sakene til politiet. I dag melder reiarlaga nokre titals saker, men seier også at det kan vere store mørketal. Desse mørketala må bli færre. Mange butikkar melder alle butikktjuveri. Reiarlaga bør ha same praksis med brotsverk mot mannskapet på ferjer.

For det er straffbare brotsverk vi snakkar om.

Om nokon køyrer ein medtrafikant i trafikken, vil ein kunne bli straffa om ein har vore aktlaus. Er handlinga forsettleg eller overlagt, blir straffa skjerpa. Om det skjer på eit ferjedekk, i ei ferjekø eller i ei bygate gjer ingen skilnad. Dette er dekt inn i dagens straffelov og Vegtrafikklova.

Alt kan ikkje lovregulerast, og det er ikkje noko forbod mot å vere sint og gi uttrykk for dette – innanfor visse grenser. Ytringsfridomen gjeld også på eit ferjedekk. At noko er lov, betyr likevel ikkje at det er klokt.

Det burde vere unødvendig å fortelje stressa feriebilistar at utskjelling av ferjemannskapet er svært lite klokt. Ferjemannskapet er på jobb for oss. Det kan då ikkje vere så umogeleg å fatte at også dei har krav på eit godt arbeidsmiljø.

Er ein kampanje det som må til for å få dette inn i hovuda på folk, så bør likevel ferjereiarlaga koste på seg det.

Det finst ikkje lovforbod mot vanleg folkeskikk.