Fallande folketal og ei raskt aldrande befolkning er distrikta si store utfordring. Nummer to på lista kan vere sjølvgodheit.

I alle fall om vi ikkje tar vel imot framande.

Hets og diskriminering av menneske på grunn av rase eller kultur er både skammeleg, skadeleg og kan vere straffbart. Verst er det for offeret, men er også eit tap for lokalsamfunnet der det foregår.

Mohammad «Moa» Kohder Mahmoud i Stranda har gjort det som det norske samfunnet har bede flyktningar å gjere. Sidan han kom frå Syria i 2016 har han lært seg norsk, teke utdanning og arbeidd.

Også ved sidan av skulegangen har han jobba i den lokale daglegvarebutikken fordi han vil bidra og ikkje ligge samfunnet til last. Han har ønskt å bo i Stranda, men no gir han opp og flyttar til Trondheim.

Til lokalavisa Nyss fortel han at han ikkje orkar ikkje meir hets, fordommar og diskriminering.

Stranda er neppe verre enn andre stadar. Stranda er ingen rasistisk kommune. Moa er heller ikkje åleine blant flyktningar i Norge til å velje by framfor bygd. Hets og fordommar er berre litt av forklaringa.

Det blir ikkje mindre alvorleg av det.

Diskriminering er utbreidd, altfor utbreidd. Vi finn den i by og bygd. Den råkar særleg folk med ikkje-europeisk bakgrunn. Alt dette er godt dokumentert i forsking og undersøkingar.

Like dokumentert er det at det gir tapt livskvalitet, helseproblem og hindrar samfunnsdeltaking.

Omsynet til offera er viktigast. Vi må aldri akseptere slik behandling av våre medmenneske. Vi må ta eit oppgjer med haldningar som gir grobotn for rasisme og diskriminering, også i eiga bygd og hos oss sjølve.

Her står ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) fram på ein flott måte.

Då han fekk høyre om Moa vart han både rasande, forbanna og lei seg. Men han møter også Moa med blomster og orsaking. Tryggestad understrekar også kor viktig det er at lokalsamfunnet tek imot tilflyttarar på ein god måte.

Og her er han inne på eit anna, vesentleg poeng. Bygde-Norge er endå meir avhengig av innvandring enn storbyane. 300 distriktskommunar hadde folketalsnedgang i 2019. Samtidig gjer aukande levealder at bygdene blir forgubba.

Berre tre ting kan snu dette:

  • Ein plutseleg fødeboom

  • At flyttestraumane brått snur

  • Innvandring frå andre land

Truleg er det beste ein kombinasjon. Uansett er det viktigare enn nokon gong å ta vare på dei som alt bor her og dei som flyttar hit.

Det verste er om vi blir sjølvgode og framandfiendtlege.