Det er både uverdig og opprørande at eldre, alvorleg psykiske sjuke pasientar ikkje får den hjelpa dei treng. 13 kommunalsjefar for helse og omsorg på Sunnmøre har slått alarm. Dei krev at sjukehuset i Ålesund opprettar eit akuttilbod tilpassa dei eldre, psykisk sjuke.

I dag blir psykosepasientar skrivne ut same dag, eller dagen etter innlegging, utan plan for vidare oppfølging. Det er uhaldbart. Sjukehuset på si side meiner at det er kommunane som må ta større ansvar for denne pasientgruppa. Og der står saka. Ingenting skjer. Sårbare pasientar blir skadelidande.

Tidlegare sjukeheimsoverlege Odd-Roe Skogen kjem med ein god analyse av situasjonen i eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten. Han meiner både kommune og helseføretak må ta ansvar. Dei må sørge for god samhandling, for å sikre forsvarleg behandling av alvorleg sjuke pasientar med demens. Spesialisthelsetenesta må gi pasientane fullverdig hjelp, og då er det behov for døgnplassar. Kommunane på si side må sørge for fleire sjukeheimsplassar.

Eldre med alvorleg demens kan vere både urolege og krevjande, og er ei vanskeleg pasientgruppe. Men ingen må gløyme at dei først og fremst er menneske, som har krav på omsorg og respekt. Dei må ikkje bli kasteballar mellom ulike behandlingsnivå, fordi alle skuldar på kvarandre.

Det vil bli fleire alvorleg sjuke eldre i åra som kjem, og det må helsevesenet ta høgde for. Arnfinn Larsen og Sigmund Rødal i Ålesund hevdar at det stadig skjer lovbrot i eldreomsorga i Norge. Dei tek til orde for ei nasjonal gransking.

Larsen og Rødal har granska alle dokument i saka til ein familie som kjempa for institusjonsplass til sin svært sjuke far og ektemann. Dei meiner at i denne einskilde saka har det skjedd brot både på forvaltningsloven, pasientrettighetsloven, helsepersonelloven og lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Tilfellet er ikkje unikt. Dei meiner at uklart lovverk fører til at mange norske kommunar ikkje gir dei omsorgstenestene som dei eldre og sjuke har krav på.

Det er ingen tvil om at pleietrengande eldre har behov for nokon som kan tale deira sak. Likevel tok ikkje regjeringa seg råd til å vidareføre ordninga med eldreombod.

Manglande tilbod, ansvarsfråskriving og uklart lovverk er problem som må løysast på ulike nivå. Overordna er det likevel regjeringa som har ansvaret, og det hastar med å løyse problema.

Ingen må gløyme at dei først og fremst er menneske, som har krav på omsorg og respekt