Som tidlegare sjukeheimsoverlege og geriatar ved Ålesund sjukehus med fleire tiårs engasjement for oppretting av både geriatrisk og alderspsykiatrisk avdeling kan eg fastslå at dette ikkje er ei ny problemstilling. Men den har endra karakter av fleire grunnar, mellom anna: Kommunalt sjukeheimsansvar frå 1988, Samhandlingsreformen frå 2012, nytt lovverk og stor auke av pasientar med demenssjukdom.

Problemet er både medisinsk og organisatorisk/politisk. Omfattande debattinnlegg om alderspsykiatri både lokalt og nasjonalt må eg la ligge. Eg viser likevel til innlegget mitt i Sunnmørsposten ultimo januar 2020 i tilslutning til nedlegging av psykogeriatrisk døgnpost med vidareføring berre av poliklinisk og ambulant tilbod.

Årsaka blei sagt å vera av økonomisk og driftsmessig karakter. I innlegget åtvara eg sterkt mot nedlegging av døgntilbodet som i si tid var ei klar føresetnad for oppretting av alderspsykiatrisk avdeling. Åtvaringa viser seg dessverre no velgrunna.

Ut frå artikkelen i Sunnmørsposten 30. juni i år ser det ut til at problemet særleg oppstår ved spørsmål om nødvendig tvangsmedisinering av personar med demens.

Ei avsporing

Eg meiner stridsspørsmålet om vedtaksheimel for tvangsmedisinering til aktuelle pasientar er ei avsporing. Eg har to vesentlege argument for det: For det første er lovverket her så omfattande, tvitydig og dårleg tilpassa denne pasientgruppa at begge partar nok med full rett vil kunne hevda sitt standpunkt.

Problemet kan derfor ikkje løysast på dette grunnlaget. Då er det nærliggande å sitere eit gamalt utsegn: «Ein må skjøna problemet før det kan løysast, elles blir løysinga problemet». For det andre inneber samhandling om desse pasientane langt meir enn «tvangsmedisinering».

Mange bør ikkje medisinerast

Svært mange, kanskje dei fleste, skal ikkje medisinerast i det heile. Ja, kanskje er medisinen dei får årsak til problemåtferd eller konfusjon/delir. Dei aktuelle pasientane krev derfor ofte eit tverrfagleg tilbod med spesialkompetanse i skjerma miljø og tid for diagnostikk og observasjon då dei oftast har eit samansett sjukdomsbilde.

Dessverre er det slik at desse pasientane av mange vert kalla «vanskelege pasientar». Vanskelege ved si uro og utagering, vanskelege å behandle. Dette er demenssjukdomane si ytringsform hos ein del av pasientane. Men ofte er det utløysande tilleggsfaktorar som til dømes annan sjukdom, miljømessige forhold og uheldige behandlingstiltak både medisinsk og omsorgsmessig.

Ikkje pasientane sin feil

Sjølvsagt kan ikkje pasientane sjølve noko for dette. Dei er meir lidande enn vi ofte er klar over og treng hjelp med empati. Eit godt tilbod stiller store krav, både til kunnskap og engasjement hos personalet både i sjukeheim og på sjukehuset. Dette kunne eg ha sagt mykje om, særleg som argumentasjon for eit spesialisert tilbod ved ei alderspsykiatrisk avdeling med døgntilbod. Men må la det ligge her.

Som grunnlag for problemløysing har eg følgjande personlege synspunkt:

For sjukehuset: Spesialisthelsetenesta må sjå det som sitt ansvar å gi eit fullverdig tilbod til desse pasientane. Dette kan berre skje ved døgntilbod. Tala som er oppgitt i oppslaget i Sunnmørsposten er sterkt misvisande. Dei reflekterer meir manglande tilbod, uvilje og avvisning enn reelle behov. Pasientane blir bortdefinerte. Pasienttilvisingane vil ikkje berre vera frå sjukeheimane, men også frå heimetenesta/fastlegane og ikkje å forgløyme andre avdelingar ved sjukehuset.

Kapasitetsproblem

For kommunen: Det ikkje rett at sjukeheimskapasiteten er stor nok. Det vil dei komande åra vise, med formidabel vekst i behovet for tung omsorg, særleg i gruppa med demenssjukdom. Dette vil ikkje kunne løysast ved satsing berre på heimebasert omsorg og butilbod med døgnteneste (sjå her tidsskriftet «Demens» som på breitt grunnlag tek opp denne problemstillinga i nr. 3/1999). Aukande terskel og ventelister til langtidsplass og kapasitetsproblem i heimetenesta talar også sitt tydelege språk.

Med noverande situasjon og komande utvikling kan ingen vera i tvil om at utfordringane vil bli kapasitetsauke på alle plan med spesielt fokus på forsterka demensomsorg og kvalifisert personaltilgang i tenestene. Dette krev ei heilt anna prioritering enn det politikarane har vist vilje og evne til så langt. Problemet er så visst ikkje berre vedtaksheimel for tvangsmedisinering.