Kampen om kor mykje som skal stå på lønnsslippen er i gang. LO presenterte måndag sine krav til NHO.

No ventar intense og krevjande dagar.

Usikre økonomiske tider og prissjokk gjer at dette blir eit meir krevjande oppgjer enn slike såkalla mellomoppgjer vanlegvis er. LO sitt krav er på over fem prosent i lønnstillegg.

Høg inflasjon gjorde at svært mange mista kjøpekraft i fjor. No kan det sjå ut til at det lysnar i horisonten. Inflasjonsspøkelset er i ferd med å verte mana tilbake av høgre rente og ein energimarknad i betre balanse.

Men utsiktene er usikre.

LO sitt krav er auka kjøpekraft, altså at løna skal vekse meir enn prisane i år. Mange arbeidstakarar får også no for fullt effekten av Noregs Bank sin medisin mot inflasjonen i form av eit sviande rentesjokk i tillegg til reallønnstap.

NHO peikar på si side på dei usikre økonomiske tidene, og er urolege for lønsemda i norske bedrifter framover. Delar av næringslivet går godt, særleg den delen som har levd godt på høg olje-, gass- og straumpris.

Men det er mange som strevar. Dyrtid og høge energiprisar har gitt mindre eigenkapital og marginar, og får det gradvis vanskelegare.

Utsikter til økonomisk avmatting på toppen av dette, gjer at arbeidsgjevarane er redde for å binde seg til eit dyrt oppgjer.

Blir ikkje partane samde om ein avtale innan torsdag, går oppgjeret til Riksmeklaren. Der blir det nye rundar over påske. Først då vil vi kunne sjå konturane av kvar dette endar, semje eller storstreik.

Men dramaet er ikkje slutt med det.

Etter frontfaget kjem endå meir utolmodige organisasjonar i offentleg sektor på banen, mellom anna Unio. Det ulmar framleis i aska frå fjorårets lærarstreik og eit resultat i lønsnemnd som gjorde dei til lønstaparar nok eit år.

Fleire i offentleg sektor vil krevje at lønsveksten i år må vere så stor at den både gir reallønsvekst i år, dekkjer tapet frå i fjor og tettar forspranget andre grupper har fått. Det betyr krav godt over det LO la fram måndag.

Det skal ikkje mykje til at glørne flammar opp igjen.

Sjølv om mellomoppgjer vanlegvis er enklare enn hovudoppgjera, er dei aldri berre eit pliktløp. I år ligg det an til eit tøft hinderløp. Men nettopp i år er det viktig at partane gjer sitt ytste for å unngå å stupe i vassgrava med eit plask.

Omfattande streikar er det siste vi treng om vi skal styre trygt gjennom eit utrygt økonomisk farvatn.