118 personar mista livet i trafikken i fjor. Det er 38 fleire enn året før syner førebelse tal frå Statens vegvesen.

I helga vart dei omkomne minna i den årlege markeringa ved E18 i Vestfold.

Det vart også tent hundrevis av lys til minne om alle dei som vart alvorleg skadd. I tillegg for omtanken til ofra er dette ei sterk påminning om den viktige jobben for å få ned ulykkestala.

Talet på omkomne i trafikken steig altså sterkt i fjor. Det er svært urovekkjande, trass i at talet framleis er lågt historisk sett. Over tid har trenden nemleg vore svært positiv.

Det er ikkje meir enn 20 år sidan talet på trafikkdrepne låg på rundt 300.

Norge er i dag mellom dei landa i verda med best trafikktryggleik. Utviklinga syner at innsatsen mot trafikkdøden nyttar. Det bør gi inspirasjon til å halde fast i ved visjonen om at talet på trafikkdrepne skal vere null.

Fjoråret bør vere ei skarp påminning om at vi må skjerpe innsatsen. Kviler vi på tidlegare oppnådde resultat, aukar faren for at trenden vender og tala på trafikkdrepne veks.

Under markeringa i Vestfold understreka justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) vårt felles ansvar for å gjere det tryggare å ferdast på norske vegar.

Eit langt stykke på veg har ho rett. Utan at vi som trafikantar tar vårt ansvar, oppnår vi aldri gode nok resultat. Rus, høg fart, manglande merksemd og andre førarfeil er den viktigaste årsaka til alvorlege ulykker.

Vi kan likevel ikkje kome unna at tryggare trafikk også handlar om å gjere vegane tryggare. Då snakkar vi om korleis pengane på samferdslebudsjetta blir prioriterte. Det gjeld både investeringar, drift og vedlikehald.

Først og fremst er dette eit politisk ansvar.

Sist veke opplevde vi på ny ei tragisk ulykke med dødeleg utgang på Sulavegen på strekninga mellom Solavågseidet til Mauseidvåg. Sidan 2005 har fire personar omkome på denne strekninga og rundt 45 har blitt skadd.

Dette på ei vegstrekning på under tre kilometer.

Slike strekningar må prioriterast både i planarbeidet og når samferdslebudsjetta skal vedtakast. Dessverre ser vi ofte at slike prosjekt får vikeplikt når store, nye vegprosjekt med stor prestisje og sterke talsgrupper bak seg blir køyrt fram.

I dette tilfellet blir det heilt konkret.

Etter planen skal det kome ny og tryggare veg på strekninga om og når E39 blir lagt om og det blir bygd fastlandssamband til Hareid. Her kjem store planar i vegen for raske, livbergande tiltak.

Ny E39 kan dessverre ligge tiår fram i tid, og fleire liv vil gå tapt medan vi ventar. Det er ein pris vi ikkje har råd til å betale.