Senterpartiet vil sette elektrifisering av sokkelen på vent på grunn av straumkrisa. Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) meiner det er eit klart brot på Hurdalsplattformen.

Først: Det er ein påstand som er diskutabel.

Så: Kva er smartast av å drive politikk som tar innover seg at vi står midt i ei krise eller å overtolke ein avtaletekst som vart lagt på skrivebordet før krisa.

Skepsisen til ei stor elektrifisering av sokkelen har blitt stadig sterkare dei siste månadane. Energikrisa har sendt sjokkbølger inn i både privatøkonomien til vanlege folk og i politikken.

Krigen i Ukraina er i ferd med å gjere dette verre.

Olje- og gassprisen set historiske rekordar. Dette kan vere berre starten. Analyseselskapet Rystad Energi trur oljeprisen i verste fall kan nå 240 dollar per fat til sommaren.

Smitten over på nordiske el-prisar er tydeleg.

For staten, kraftselskapa og petroleumsindustrien gir dette store meirinntekter. For forbrukarar og all industri med energi som ein stor innsatsfaktor betyr det store ekstrakostnader.

Utan auka el-produksjon vil ei storstilt elektrifisering forsterke dette.

Elektrifisering av sokkelen vil åleine ha ein slik stor effekt. Så kjem auka el-behov for ny, grøn industri og elektrifisering av andre sektorar. Eit Europa som skal bli fri frå russisk gass-grep, vil også etterspørje meir norsk gass og fornybar energi — raskt.

Vi kan stå framfor den verste energikrisa på fleire tiår. Då er det klokt og naudsynt å spørje om ein avtale frå i fjor haust skal trumfast igjennom i all hast, eller om det er tid for å ta ein fot i bakken.

Det siste vil ikkje vere eit så klart avtalebrot som Eide påstår.

I Hurdalsplattformen står det at regjeringa vil sørgje for vidare elektrifisering, samstundes med at ny og eksisterande industri skal vere sikra nok fornybar kraft. «Samstundes» må vere nøkkelordet her.

Ein elpris som kveler dagens og framtida sin kraftkrevjande industri var vel heller neppe lagt inn i reknestykket då avtalen var formulert.

Vi har sjølvsagt plikt til å finne rom for klimatiltak, både fordi vi har signert Parisavtalen og av omsyn til komande generasjonar. Å vente med tiltak i ei slik krise som vi står i no, bryt likevel heller ikkje med det. Norge vil heller ikkje vere åleine om å gjere det.

På kort sikt kan Russland sitt overfall på Ukraina få den effekten i fleire land i Europa. På litt lengre sikt kan det setje fart i satsinga på fornybar energi.