Kvinnedagen, og dagane før, blir brukt som eit årleg høve til å løfte fram problemstillingar som følgjer det å vere hokjønn. Og utfordringane er ikkje så reint få.

Her i Norge har det i år vore mykje merksemd kring manglande tilbod og kunnskap om den smertefulle lidinga endometriose og andre kvinnerelaterte helseplager. Temaet har blitt kraftig underrepresentert i forsking, og mange kvinner lir unødig på grunn av det.

Kor langt vi enn skal ha kome med likestillinga her til lands, så viser undersøkingar at kvinner, mykje oftare enn menn, får beskjed om at det truleg er psykiske årsaker til smertene. Temmeleg nedlatande, og dessutan usant.

Helse er berre eitt av fleire område kor kvinner må kjempe for likebehandling med menn i Norge. Gjennomsnittslønna er lågare, og tilgangen til maktposisjonar er lågare. Eksempelvis er berre fire av 13 ordførarar på Sunnmøre kvinner.

Men i Norge er det vel fritt fram for alle? Tja, om det var noko MeToo-kampanjen lærte oss i 2018, er at det spelar ei rolle kva for kjønn du har i måten du blir møtt på. Det er rett og slett betydeleg tøffare for kvinner å søke maktposisjonar. Ikkje alt dreier seg om trakassering – også daglege dosar med hersketeknikkar kan tære på den mest ambisiøse. Det er ikkje grunn til å tru at menn med vilje held nede kvinner i Norge, men det kan dreie seg om umedvitande mønster som det er verdt å sette søkelys på ein gang i blant. Endring av samfunnskulturen skjer ikkje over natta.

Kvinnedagen har ført til mykje positivt sidan den blei innført, spesielt sidan også menn dreg fordel av at kvinner får brukt den fulle kapasiteten sin i samfunnet. Likestilte land skårar best på lykkeindeksen og har mest utvikla velferdssamfunn.

Men verda står ikkje stille, og utviklinga går ikkje alltid framover. Framveksten av autoritære regime med grumsete haldningar truar verdiane vi tek for gitt. Mistar vi fokus her til lands, kan vi fort miste påverkingskraft ute i verda der våre største fiendar – Russland, Kina, Iran, – kjempar om global dominans. Og dei er ikkje spesielt kvinnevennlege.

Det er derfor leitt å vite at berre halvparten av norske menn, ifølge Respons Analyse, synest kvinnedagen har noko for seg. Men det seier iallfall noko om behovet for å markere dagen i åra framover også.