Eit varig kraftoverskot er det einaste som kan gi oss lave straumprisar på lang sikt. Problemet er at vi i dag har kurs mot kraftunderskot.

Det vil presse prisane opp.

Får vi ikkje opp tempoet i energieffektivisering og utbygging av ny kraftproduksjon, vil straumprissjokket bite seg fast lenge.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) fekk torsdag Straumprisutvalet sin rapport i hendene. Den bør han rydde plass til både på kontorpulten og nattbordet med ein gong.

Utvalet har gjort eit godt, grundig og viktig arbeid.

Rapporten gir oss dessverre ingen snarvegar til ei ny framtid med låge straumprisar, men bør kunne gi eit etterlengta faktabasert grunnlag for den energipolitiske debatten. Ein kjenslebasert debatt med overdriven tru på enkle løysingar kan lett føre oss på avvegar.

Det tener norske straumkundar dårleg.

For alle som hardnakka trur på enkle løysingar, er nemleg denne rapporten dårleg nytt. Den slår beina under påstandar om at makspris, kutting av utanlandskablar og liknande er eit «sesam sesam» som kan gi oss varig lav og konkurransedyktig straumpris.

Alle slike grep har nemleg også sine motpostar som både kan vere prisdrivande, gi større prisvariasjon og auke sårbarheita vår.

Kraftmarknaden er kompleks, og krev balanserte løysingar som dessverre ikkje gir oss raske nok resultat.

Sjokket som slo inn i den europeiske energimarknaden då Russland strypte igjen gasskranane, ser dessverre ut til å bite seg fast. I to år spår Straumprisutvalet. Slår dette til, vil det vare akkurat lenge nok til å bli avløyst av eit lenge varsla kraftunderskot i den norske marknaden.

Vi må ikkje tru at nesten gratis straumpris, slik vi har i haustregnet no, vil vare.

Utan eit raskare tempo i utbygging av ny kraftproduksjon og eit krafttak i energieffektivisering vil dei høge kraftprisane bite seg fast i leng tid. På kort tid er det berre tiltak som skjermar oss – då særleg dei som blir hardast ramma, mot dei verste konsekvensane.

Vi har i dag altfor svak framdrift. Vi brukar altfor få midlar på energieffektivisering både for hushaldningar og næringsliv, og vi ligg langt på etterskot i utbygginga av ny produksjon. Den raskaste vegen til ny kraft, sol-, vass- og vindkraft på land, gir store naturinngrep, og møter stor motstand i befolkninga.

Satsinga på offshore havvind er slett ikkje feil, men set vi vår lit til at flytande vindmøller skal løyse priskrisa vår, bommar vi.

Den einaste måten den kan gi lågare kraftrekningar på, er at vi betalar straumen over skatterekninga i staden.