Ei kvinne i 50-åra miste onsdag livet i ein kollisjon med eit vogntog på E39 i Sula. Ulykka skjedde på ei av dei mest ulykkesutsette vegstrekningane i Møre og Romsdal.

På ei strekning på tre kilometer har fem personar mist livet dei to siste tiåra. Fleire titals har blitt skadde, mange av desse alvorleg.

Naboar til vegen like lenge etterlyst tiltak for gjere vegen tryggare. Dei har fortalt om si frykt for å køyre ut på hovudvegen.

Svært lite har skjedd.

Ingen andre stadar i Møre og Romsdal har det vore så mange alvorlege ulykker på ei så kort strekning som her. På tre kilometer av Sulavegen, mellom Solavågseidet og Mauseidvåg har fem menneskeliv gått tapt sidan 2005.

Det er berre eitt år sidan det sist skjedde ei dødsulykke her.

Mange har også blitt alvorleg skadde. Då Sunnmørsposten i fjor hadde ei kartlegging, var talet på alvorleg skadde dei to siste tiåra på minst 45. I tillegg er det svært mange ulykker med mindre personskadar her.

Strekninga det er snakk om, går mellom E39 ved Solevågseidet til avkøyringa frå fylkesvegen ved Mauseidvåg. Her er det stor gjennomgangstrafikk frå Moa-området og ferjeleia ved Solavågen og Sulesund.

Dette er blant dei mest trafikkerte ferjesambanda i fylket.

I tillegg kjem trafikken til og frå Langevåg og lokaltrafikken til bustadar i området. Heile åtte kryss på strekninga bidrar til høg ulykkesrisiko. Fleire av dei alvorlege ulykkene har skjedd ved desse kryssa eller som møteulykker.

Er det ei vegstrekning i fylket som må prioriterast for å få ned talet på ulykker, så er det denne. Er det ein stad vi burde bruke pengar på veg for å spare menneskeliv, så er det her. Likevel så har det skjedd svært lite, om vi ser bort frå ei mindre utbetring av ved avkøyringa mot Langevåg.

Det er ikkje haldbart.

Hadde vegen vore bygd i dag, så ville det som eit minimum vore midtdelar på strekninga. Det ville heller ikkje vore tillete med så mange kryss.

Planane har vore mange, og er knytt opp mot både ny E39 via Hafast og ny Blindheimstunnel i retning mot Breivika i Ålesund. Og det er klart at ny veg på heile denne strekninga vil vere det ideelle, men det vil ta tid.

Realisering av Hafast er i beste fall tiår fram i tid.

No må dei to vegeigarane på strekninga, Staten og Møre og Romsdal fylkeskommune setje seg saman og finne tiltak som realiserast raskt. På den lista bør det stå både utviding av vegen og bygging av midtdelar og betre og færre kryssløysingar.

Dette vil sjølvsagt koste mykje, men skal vi vente på den optimale løysinga før noko blir gjort, vil fleire liv gå tapt.

Det er ein pris vi ikkje kan akseptere.