Bedrifter som slit med skyhøge straumrekningar må vente til langt inn i haustmørket før dei får vite om staten stiller opp. Årsaka er mangel på ein kriseplan.

Straumkrisa vi står i dag, var grundig varsla.

Likevel seier altså finansministeren at ingen kunne sjå krisa som kom. Forvarselet fekk alle andre i fjor haust. Då Russland invaderte Ukraina burde alarmen i alle fall ha gått.

Regjeringa har vore pressa frå skanse til skanse i denne saka. Først i fjor vinter. Så i sommar. Opposisjonen, næringslivet og vanlege folk har pressa på for tiltak.

Regjeringa har halsa etter.

Mandag la den fram forslag om utvida støtte for hushaldningane. I tillegg jobbar den med tiltak som skal bremse eksporten, auke fyllingsgraden i magasina og hjelpe eit kriseråka næringsliv.

Her treng Regjeringa meir tid. På sett og vis er det både fornuftig og forståeleg. Her handlar det om inngrep i ein komplisert marknad som må vere gjennomtenkte og treffsikre.

Straumstøtta skal treffe dei som treng den for å overleve.

Den kan ikkje vere så raus at den gjer kraftkrisa verre. Staten kan heller ikkje plukke opp alle ekstrarekningar for alt og alle. Både bedrifter og hushaldningar må ta sin del av ansvaret i ei krise.

Men var det naudsynt å vente så lenge?

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) var hard i dommen over Solberg-regjeringa for manglande beredskap etter Koronakommisjonen sin rapport. Langt på veg med rette. Pandemien stod høgt på lista over sannsynlege kriser.

No møter Støre seg sjølv i døra.

Dagens krise er endå grundigare varsla. Først med energikrise og rekordprisar gjennom hausten i fjor og vinteren. Så med den russiske invasjonen av Ukraina og låge magasinfyllingar i Norge.

Likevel har ikkje regjeringa hatt beredskapen på plass.

Mandag inviterte regjeringa partane i arbeidslivet til krisemøte, i ein halv time, for å diskutere kriteria for ei krisestøtte. Modell for ei slik støtte er ikkje diskutert.

Om to veker skal dei møtest att.

Truleg vil store delar av hausten gå før ei krisestøtte til næringslivet er på plass. I verste fall kan spørsmålet bli flytta heilt til statsbudsjettet i starten av oktober.

Regjeringa skal ikkje ha kritikk for at den vil greie ut straumstøtta til næringslivet grundig. Det vil vere uansvarleg å kaste pengar etter bedrifter i ein god økonomisk situasjon eller utan å stille krav.

Men kjem dette på plass først i statsbudsjettet, har det altså gått eitt år frå den globale energikrisa var eit faktum.

Det er eit resultat av svak kriseberedskap.