Kommunar og fylkeskommunar forvaltar stor makt og betydelege midlar til det beste for fellesskapet. Det ansvaret kviler tungt på at dei har innbyggjarane sin tillit.

For å sikre denne tilliten er det viktig at makta blir kika i korta.

Openheit i forvaltninga og ei fri, kritisk presse er avgjerande. Men folkevalde organ er også heilt avhengige å halde seg med ei sterk vaktbikkje.

Kontrollutvalet er ofte eit undervurdert utval når dei politiske partia fordeler verv mellom seg. Det er ufortent. Kontrollutvalet er svært viktig nettopp fordi det skal vere ein garantist for å hindre maktmisbruk og sikre at lover og regler blir haldne.

Saman med revisjonen og kontrollutvalet sitt sekretariat skal det sikre at alt er på stell.

Utan politikarar som tek denne oppgåva med det største alvor og har eit fagleg sterkt sekretariat i ryggen, kan det fort gå gale.

I Møre og Romsdal fylkeskommune har dette blitt synleggjort på godt og vondt dei siste par åra i saka om Fylkeshuset AS sitt kjøp av aksjar i berekraftselskapet R8Me AS. Det fylkeskommunale selskapet gjekk her inn med fem millionar i risikokapital, heilt utan politisk forankring.

Saman med Sunnmørsposten sitt arbeid med å få kritikkverdige forhold fram i lyset har utvalet sitt initiativ til gransking vore avgjerande for at det no vert teke grep om å styrke kontroll og styring med eigarskapen i dei 71 selskapa fylkeskommunen er inne i.

Det må til for å hindre at tilsvarande kan skje igjen, men også for å sikre den mest verdifulle kapitalen – innbyggjarane sin tillit.

Tidlegare stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) overtar no som leiar for kontrollutvalet i Møre og Romsdal. Han får den viktige jobben med å sørge for at utvalet blir den vaktbikkja som fylket treng også i framtida. Her må det gjerast ein jobb.

Kontrollarbeidet har nemleg også hatt sine utfordringar.

Kontrollutvalet som vart vald for fire år sidan, kom i så store problem undervegs at det nærast gjekk i indre oppløysing. I tillegg har sekretariatet også vorte svekka av langvarig sjukefråvær og til slutt kontrolldirektøren si oppseiing.

Fylkeskommunen kan ikkje i lengda leve med eit så sårbart kontrollorgan. Fylkestinget vedtok måndag å halde fram med å kjøpe inn denne tenesta fram til ei betre løysing er på plass, til dømes ved å samordne kontrollsekretariatet med dei fire kommunale i fylket. Det kan gi eit meir robust og breitt fagmiljø.

Slik kan både fylket og kommunane få ei vaktbikkje som har kraft nok til både å knurre og glefse når det trengst, og stå i motvind når det bles.