Veljarane gav klar beskjed om at dei ville ha nye kostar til å styre Møre og Romsdal fylkeskommune. Fire av ti gav si røyst til Frp og Høgre.

Måndag var det nye fylkestinget på plass.

No skal dei fire samarbeidspartia bak fylkesordførar Anders Riise (H) starte jobben med å overtyde veljarane om at dei gjorde rett. Den jobben startar i motbakke.

Etter tolv år i skuggen av ein fylkesordførar frå Arbeidarpartiet må særleg Frp og Høgre raskt setje spor etter seg når dei no overtar makta i fylkestinget saman med KrF og Venstre. Søndag signerte dei fire partia samarbeidsavtalen for dei komande fire åra.

Her lovar dei å oppretthalde dagens skulestruktur, fokusere på kjerneoppgåver og effektivisering, innføre på nytt ferje- og båtruter som er kutta og redusere billettprisen på hurtigbåtar.

På samferdsle skal det elles satsast på vedlikehald, rassikring og trafikktrygging. Ingen nye vegprosjekt er nemnt i avtalen.

Det er det gode grunnar til. Møre og Romsdal fylkeskommune «vassar» ikkje i pengar. Tvert imot vassar fylket i gjeld. Ingen andre fylke landet er i nærleiken av å ha like høg gjeldsgrad som Møre og Romsdal. Derfor svir det ekstra hardt her når styringsrenta har stige frå null til 4,25 prosent på mindre enn to år.

Dette avgrensar handlingsrommet til fylkespolitikarane kraftig. Det enorme etterslepet i vedlikehaldet på fylkesvegane drar i same retning.

I praksis kan ein rekne også dette som gjeld. I det siste overslaget frå Statens vegvesen og samferdsleavdelinga er dette kostnadsrekna til rundt 16 milliardar, tunnelsikring og behov for oppgradering av ferjekaier og bruer inkludert. Den dramatiske kostnadsveksten dei siste par åra gjer at etterslepet blir endå vanskelegare å hente inn enn før.

Fylkestinget må ta denne utfordringa på alvor. Målet må i det minste vere å stoppe forfallet, men ambisjonen bør vere større enn dette. Klarer ein ikkje å redusere etterslepet på dei over 300 mila med fylkeskommunale vegar, vil dette ligge som ein evig verkebyll.

Då må vedlikehaldet trappast kraftig opp frå dagens nivå. Det hjelp lite å flikke. I fjor fekk berre vel åtte av desse ny asfalt trass i at ein svært stor del manglar forsvarleg dekke.

Fylket har heller ikkje utsikter til ein snarleg større auke i inntektene, og kan ikkje vente seg særbehandling for å takle ei gjeld det sjølv har valt å stifte. Ambisjonen om å effektivisere drifta kan sjølvsagt gi eit positivt bidrag til reknestykket. Men det tar tid å hauste gevinsten av dette.

Det er grenser for kor skilnad det kan bli med nye kostar når dei er utstyrt med så korte skaft. Handlingsrommet vil bli verande trongt i lang tid.