ESA vil fjerne det nye, norske forbodet mot innleige av arbeidskraft. Dei meiner at dei nye reglane kan vere i strid med EØS-avtalen, og opnar sak mot Norge.

Blir dette den endelege konklusjonen, vil det vere eit alvorleg slag mot ei av regjeringa sine store prestisjesaker.

LO feira dei nye reglane med pølsefest då dei vart innført tidlegare i år. NHO og innleigebransjen sjølv meinte at reglane bryt med EØS-avtalen og vikarbyrådirektivet.

Fagrørsla har drive ein årelang kamp mot bemanningsbransjen, ein bransje dei meiner bidrar til å undergrave den norske arbeidslivsmodellen med faste, direkte arbeidsforhold.

Og slik Solberg-regjeringa starta sin regjeringsperiode med å opne opp for meir bruk av mellombels tilsette, slik starta Støre-regjeringa sin periode med å stramme inn att.

Dei nye reglane vart vedtekne før jul og innført 1. april i år. Mellom anna vart det innført eit totalforbod mot bruk av innleige i bygge- og anleggsbransjen i Oslo, Viken og tidlegare Vestfold fylke.

Dei generelle innstrammingane elles gjeld også i første rekke privat sektor. Den omfattande bruken av innleige i helsesektoren er unnateke. Det same gjeld sesongarbeid i landbruket.

Bransjen har alt forsøkt å få prøve saka for ein norsk domstol. 30 bemanningsselskap gjekk tidlegare i år til retten for å stoppe lovendringa. Selskapa hevda at endringane er i strid med EØS-avtalen.

Kravet var at innføringa måtte setjast på vent til ESA hadde konkludert i si sak.

Selskapa tapte i tingretten tidlegare i sommar. Retten meinte det ikkje var sannsynleggjort at dei nye reglane var i strid med EØS-avtalen og vikarbyrådirektivet, men innanfor handlingsrommet til Norge. Selskapa fekk ikkje medhald i kravet om å stoppe innføringa.

ESA konkluderer altså førebels motsatt.

Særleg for Arbeiderpartiet er dette ei vanskeleg sak, stappfull av prestisje og sprengstoff. Ikkje berre var kampen mot innleige av arbeidskraft løfta høgt i valkampen i 2021. Temaet har lenge vore ein politisk verkebyll i det raud-grøne samarbeidet.

Både Senterpartiet og SV tok dissens på vikarbyrådirektivet, og Stoltenberg måtte gå til opposisjonen for å få fleirtal i Stortinget. Støre sitt Ap står no enno svakare mot EØS-motstandarane SV og Sp. EØS-opprøret ulmar også framleis i LO-systemet.

Støre sitt forsvar har vore at han vil utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen.

Med dette som bakteppe kan han ikkje strekkje seg langt i dialogen med ESA. Eit kompromiss med ESA vil svi. Berre eit sviande nederlag i Efta-domstolen vil vere verre.