«Sa han verkeleg det?» Nobelforedraget til Jon Fosse har imponert og rørt mange. Han starta med å fortelje kor livredd han var for å lese høgt på skulen. Fosse opplevde at redsla tok språket frå han, og at han måtte ta det tilbake på sin eigen måte. Det gjorde han ved å begynne å skrive sine eigne tekstar, små dikt, små forteljingar – og han opplevde at det gav han tryggleik. Takka vere litteraturen, fann han sin måte å leve på.

Den livredde ungdomsskuleguten, som sprang på do, då han vart beden om å lese høgt i klasserommet, skal søndag få den mest prestisjefulle litteraturprisen i verda. Jon Fosse får Nobelprisen for nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det som ikkje kan seiast, stod det i grunngjevinga frå Svenska Akademien. Prisen er høgst fortent, og har gjort oss alle stolte. Ekstra stas er det at han skriv på nynorsk.

Jon Fosse har våga å stole på seg sjølv, og si eiga skriving, i staden for å la seg påverke av kritikk. Han er oppteken av at litteratur først og sist skal vere litteratur, utan andre omsyn. Han definerer dikting som det motsette av forkynning, anten bodskapen er religiøs eller politisk. Det litterære språket skal ikkje vere retorisk formidling av ein bodskap med overtaling eller overtyding. «Det er meining heller enn kommunikasjon, det har sitt eige vere», sa han i foredraget, og forklarte at for han er dikting ei slags bøn.

Forsking har vist at skjønnlitteratur kan endre korleis menneske forstår både seg sjølv og andre. Fosse har vore redd for å legitimere sjølvmord, sidan det er fleire sjølvmord i diktinga hans. Han er derfor ekstra takksam for alle tilbakemeldingar frå folk som seier med reine ord at diktinga har redda livet deira. Han opplever sjølv at det har berga hans eige liv. «Og om mi dikting også kan hjelpa til med å redda andres liv, ja så kan ingenting gleda meg meir enn det», sa han.

Fosse avslutta foredraget med å takke Svenska Akademien for å ha gjeve han Nobelprisen i litteratur, og han takka Gud. Det sist har vekt stor oppsikt. «Sa han verkeleg det? Takka han Gud?» Å takke Gud i ein offentleg samanheng er høgst uvanleg, og har vekt oppsikt. Det fortel noko om tida vi lever i. Dei enkle orda hans vart sterke og kraftfulle. Fosse har mot til å vere autentisk og trufast mot den han står for, uavhengig av kva andre forventar av han. Sjølve prisutdelinga skjer søndag i Konserthuset i Stockholm, der Fosse skal ta imot prisen av kong Carl Gustaf av Sverige.

Fosse har mot til å vere autentisk og trufast mot det han står for, uavhengig av kva andre forventar av han