Talet på søkjarar til høgare utdanning går markert ned samanlikna med fjoråret. NTNU i Ålesund går motsett veg, og aukar det samla talet på søkjarar samanlikna med i fjor. Den nye medisinutdanninga er ei viktig årsak til dette.

Dette er eit studietilbod som styrkar Ålesund som studiestad.

Like viktig er det at dette er med på å lette rekrutteringa til av legar ved både sjukehusa og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. Det inneber også ei fornying av medisinstudiet med ei endå meir praksisorientert legeutdanning tett på pasienten.

Fallet i talet på søkjarar til høgare utdanning i Norge var venta. Dei to føregåande åra har søkjartalet vore uvanleg høgt, noko som truleg heng tett saman med mellom anna arbeidsmarknaden og reiserestriksjonar under koronapandemien.

Mange som elles ville ha tatt eit «pauseår» for å reise eller jobbe, valde i staden å søkje på høgare utdanning.

Samanliknar ein søkjartala med dei som var i 2019, ligg årets tal meir på eit normalnivå trass ein nedgang på vel 12 prosent. Krympande årskull som går ut av vidaregåande skule er også med på å trekkje talet på søkjarar til dei nær 75.000 studieplassane i landet ned.

I Ålesund har talet på søkjarar som har NTNU Ålesund på førsteplass hos Samordna opptak auka frå knappe 1600 til 1799. Den viktigaste årsaka til det er altså det nye medisinstudiet. Her kjempar vel 300 søkjarar om dei 20 studieplassane.

Studiet i Ålesund er oppretta etter modell av eit tilsvarande desentralisert tilbod i Levanger i Nord-Trøndelag.

Like viktig er det at dette er med på å lette rekrutteringa til av legar ved både sjukehusa og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal

Studiet er sett saman slik at studentane får dei to første åra ved NTNU i Trondheim for så å fullføre dei fire siste åra i Ålesund. Levanger har hatt eit slikt tilbod sidan 2018. NTNU har totalt 155 studieplassar på profesjonsstudiet i medisin. Av desse fullfører 20 studiet i Ålesund og 16 i Levanger.

Dette er ikkje den einaste desentraliserte modellen i Norge. I meir enn eit tiår har studentar ved Noregs arktiske universitet i Tromsø hatt høve til å ta delar av utdanninga si i Nordland og Finnmark, etter dei såkalla Bodøpakken og Finnmarksmodellen.

Erfaringa frå desse er at tilboda har trekt til seg fleire studentar frå regionen.

Dessutan har ein stor del av studentane har blitt rekruttert til helsetenestene regionen, både ved sjukehusa og i primærhelsetenesta i distriktskommunar.

Regionen kan altså få ein dobbel gevinst av denne satsinga:

Betre rekruttering til helsetenestene og ein meir attraktiv studiestad.