Forfallet på fylkesvegane i Møre og Romsdal held fram og eskalerer. Nye tal syner at etterslepet på vedlikehaldet no har passert 16 milliardar.

Slik kan det ikkje halde fram.

Vegnettet må forvaltast og haldast ved like betre. Forfallet går ut over både trafikktryggleik, miljø og gir høgre totale transportkostnader. Totalrekninga blir høgre når forfallet får herje. Endå verre er det at det også tar liv.

For kvart år vi skubbar på rekninga for vedlikehald, blir dette verre.

Dei nye tala for forfallet på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal kjem fram i ein rapport frå fylkesvegavdelinga. Sist det var gjort ei tilsvarande kartlegging i Møre og Romsdal var i 2018/ 2019. Då vart etterslepet kostnadsrekna til 8,6 milliardar.

I tillegg kom kostnader på 2,2 milliardar til veglys.

I det nye kostnadsoverslaget har altså totalsummen passert 16 milliardar. Årsakene til den kraftige auken er både at den nye kartlegginga er grundigare, at fleire kostnader er tekne med og at det har vore ein høg generell kostnadsauke på veganlegg dei seinare åra.

Og ikkje minst viktig: Vegvedlikehald er for lågt prioritert i dei årlege budsjetta, slik at manglane har blitt større.

Rapporten frå fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal kjem samstundes med at Riksrevisjonen har retta kritikk mot manglande vedlikehald av vegane. For knappe to veker sidan slo Riksrevisoren fast at måten vi tar vare på vegnettet vårt er kritikkverdig.

I Riksrevisjonen si «ordbok» er dette den nest hardaste kritikken dei kan gi.

Det er gode grunnar til at Riksrevisjonen tar så hardt i. Vi brukar nemleg stadig meir pengar til drift og vedlikehald, men resultata blir borte. Vegane blir ikkje meir framkomelege, tryggare eller miljøvennlege. Vedlikehaldsetterslepet blir heller ikkje mindre. Det aukar.

Det gjeld både på fylkesvegar og riksvegar.

Sist vi hadde ei nasjonal kartlegging over vedlikehaldsetterslepet, var i 2012. Då vart etterslepet på fylkesvegane anslått til å vere mellom 60 og 100 milliardar (i 2021-kroner). I dag, meir enn ti år etter, har vi ingen gode nasjonale overslag over kva etterslepet er på.

Kartlegginga frå Fylkesvegadministrasjonen i Møre og Romsdal, og ei tilsvarande i Rogaland, gir ein peikepinn. Svaret desse gir, er sterkt urovekkjande.

Norge er ein nasjon med god økonomi og solide statsfinansar, men vi kan likevel ikkje tillate oss å halde fram som vi gjer no. Godt vedlikehald er pengar spart. Betre vedlikehald kan på lang sikt gi oss meir til nyinvesteringar i vegnettet eller andre prioriterte føremål.

No kastar vi pengar ut vindauget.