Helsetenestene skal ikkje gjere skilnad på folk. Likevel er det stor skilnad på kva status enkelte lidingar har, både i medisinen og i budsjettkampen.

Psykiske lidingar er eit godt stykke nede på lista.

Eldre psykisk sjuke er blant dei som er aller lengst nede på rangstigen. Dei taper i kampen om pengar, fagfolk og merksemd.

I slutten av april sende kommunane på Sunnmøre eit felles brev til Helse Møre og Romsdal med krav om å få på plass eit akuttilbod innan alderspsykiatri. Torsdag skal kommunestyret i Ålesund behandle saka.

Bakgrunnen er at alvorleg psykisk sjuke eldre blir kasteballar i systemet.

Kommunane manglar spesialkompetanse og mynde til tvangsmedisinering. Dei må sende alvorleg sjuke pasientar frå seg, men ved psykiatrisk avdeling vert dei ofte møtt med stengd dør eller svært rask utskriving.

Alderspsykiatrisk post har ingen akuttfunksjon.

Kravet frå kommunane er at det blir gjort noko raskt for å kome opp med eit forsvarleg tilbod. Dessverre er det grunn til å frykte at det ikkje kjem eit svar som gir ein quick-fix. Dette er nemleg ikkje eit problem berre for Sunnmøre.

Tvert om dette eit symptom på ei nasjonal, stille krise.

Det er heilt tilfeldig kva tilbod alvorleg psykisk sjuke eldre får, avhengig av kvar i landet dei bur. Og mangelen på akuttplassar er gjengs over stort sett heile landet.

I tillegg fell desse pasientane oftast mellom fleire stolar. Manglande ansvarsavklaring, samt svikt i samarbeid, organisering og struktur er viktige forklaringar dette.

Hovudårsaka til krisa er likevel ressursmangel.

Alderspsykiatrien har låg status, slit med rekrutteringa og har kronisk mangel på fagfolk – slik som alderspsykiatrarar. Lav status er heller ingen fordel i kampen om budsjettmidlar – anten det er til behandling eller forsking.

Situasjonen er alvorleg og er eit trussel mot pasienttryggleiken og brot på lovfesta pasientrettar og prinsippet om eit likeverdig helsetilbod til alle.

Vi blir stadig fleire eldre, og eldre er overrepresentert med psykiske lidingar. Eldre pasientar med psykiske sjukdom har også ofte samansette problem.

Kombinasjonen av psykiske og somatiske lidingar, gjerne saman med demens, er noko av årsaka til at dei blir kasteballar i systemet – mellom somatisk og psykisk helsevern og mellom primær- og spesialisthelsetenesta.

Eldre med alvorleg psykisk sjukdom har akkurat like stor rett på helsehjelp som alle andre. At dei ikkje får det er regelrett diskriminering av ei særs sårbar gruppe.

Dette er uakseptabelt og må opphøyre. Her må det handlast raskt for at problemet ikkje skal bli verre.

Vi blir ikkje færre eldre her i landet.