Over 266 millionar kroner vart samla inn under årets TV-aksjon. Det er det høgste beløpet nokon gong, målt i absolutte kroner.

I eit år der mange får dårlegare økonomi, er dette eit sterkt resultat.

Resultatet syner at nordmenn framleis har eit hjarte for solidaritet. Solidaritet med dei fattige i verda står dessverre i fare for å bli mangelvare i ei bølge av nasjonalisme.

TV-aksjonen står sterkt i Norge. I 48 år har den mobilisert givarglede i ein stor nasjonal dugnad heilt sidan den første aksjonen til inntekt for Flyktningrådet i 1974.

Inntektene frå aksjonen i år går til Leger Uten Grenser sitt arbeid i afrikanske land.

I Møre og Romsdal kom det inn nær 14 millionar. Målt per innbyggar ligg fylket på ein tredjeplass i landet etter Rogaland og Agder. Mest per innbyggar vart samla inn i Tingvoll, med Ulstein og Hareid på dei neste plassane.

Pengane skal brukast i kampen mot epidemiar og til å behandle sjukdommar i DR Kongo, Den sentralafrikanske republikken, Bangladesh og Sierra Leone. Desse er blant nokre av dei fattigaste landa i verda.

Fattigdom og dårleg helse heng tett saman.

Millionar er løfta ut av ekstrem fattigdom dei siste tiåra. Fleire har tilgang til reint vatn, fått betre sanitære forhold og vaksinar, og færre døyr av smittsame sjukdommar.

Dei globale utgiftene til helse har meir enn dobla seg frå tusenårsskiftet og fram til no. Forventa levealder har auka med meir enn seks år, frå knapt 69 til over 73 år, i same periode.

Vi tek altså steg mot FN sitt berekraftsmål nummer tre, god helse og livskvalitet.

Gapet mellom rike og fattige er likevel framleis stort. Minst halvparten av verdas befolkning manglar tilgang til grunnleggjande helsetenester ifølgje Verdsbanken og WHO.

Og her igjen ligg Norge heilt i topp. I ei samanlikning Commonwealth Fund international har gjort mellom elleve velståande, vestlege land, blir det norske helsestellet kåra til det beste, før Nederland og Australia. USA kjem på ein klar 11.-plass.

Eitt av kriteria i denne kåringa er lik tilgang til helsetenester.

Samanhengen mellom dette og god folkehelse krystallklar, meir enn kor mykje pengar som blir brukt. Kampen for betre helserettferd handlar om å gi fleire tilgang til grunnleggjande helsetilbod.

Utviklinga dei siste tiåra syner at innsatsen nyttar. Resultatet frå TV-aksjonen syner at folk vil bidra, men vi kan gjere meir mellom dei årlege TV-dugnadane våre.

Og Norge har råd til å bidra meir.