Seint onsdag 28. juni blei det danske Folketinget einige om eit breitt forsvarsforlik. Avtalen vil tilføre det danske forsvaret 143 milliardar kroner dei neste ti åra. Omrekna til norske kroner vil summen utgjere vel 225 milliardar kroner. Grepet fører til at Danmark når Nato sitt toprosentmål innan 2030.

Det har allereie blitt tungt varsla at eit liknande grep må gjerast i Norge. Om så skjer, vil det vere eit paradigmeskifte i norsk politikk i nyare tid.

Det er mindre enn tre år sidan at det blei gjort forsøk på eit breitt forsvarsforlik her til lands, men det herska motvilje i Solberg-regjeringa til å sette av nok midlar. På det tidspunktet var pandemien med sine ringverknader langt høgare på prioriteringslista.

Tonen er ein ganske annan no.

Bodskapen i Forsvarskommisjonen sin rapport frå mai og forsvarssjefens fagmilitære råd frå juni, er tydeleg: 1. Vi er ikkje like trygge som vi ein gong var, 2. Det hastar å utføre tiltak, og 3. Ja, det vil svi i pengepungen.

Realiteten av ein aggressiv nabo i aust gjer at alvoret i bodskapen har nådd fram. Mest truleg vil det norske Stortinget også klare å samle seg bak eit breitt forsvarsforlik likeins med danskane. Eit breitt forlik betyr at tiltaka vil bli utført uavhengig av kven som har styringsmakt i åra forliket er inngått for.

Til no har FrP, Høgre, Venstre og Raudt signalisert at dei vil vere med på eit slikt forlik, og gjerne med meir i potten enn kva regjeringa sjølv føreslår. Spørsmålet er om summen vil hamne i tråd med Forsvarskommisjonen sitt ønske om 40 milliardar kroner ekstra årleg til Forsvaret over dei neste ti åra.

Det er veldig mykje pengar, spesielt i ein periode kor regjeringa og sentralbanken har sitt svare strev med å prøve å kjølne økonomien slik at inflasjonen ikkje spinn ut av kontroll.

At partia denne gongen er såpass på linje om forsvarssatsinga, gjer det samtidig til ei lite sexy valkampsak. Som vanleg er det helse, samferdsel og avgiftspolitikk det blir ropa høgast om av årets valkamputspel.

Dermed blir spørsmålet: Skulle Russland plutseleg erkjenne tap og gjere retrett frå Ukraina over sommaren, vil det då vere like stor vilje til å setje norsk beredskap framføre partipolitiske hjartesaker?

Vi håper det. Verdssituasjonen, og Norge si rolle i den, er meir ustabil enn før. Eit rusta forsvar vil kome godt med i alle praktiske nasjonale utfordringar som måtte oppstå, anten det skulle vere nye pandemiar, naturkriser, terrortruslar eller eksterne statsfiendar.