Tilgang til rimeleg, fornybar kraft blir stadig viktigare for kvar norsk industri kan vekse og vinne. Difor er det dårleg nytt for Møre og Romsdal at fylket har det største kraftunderskotet i landet etter Oslo.

Eit fylke som er så avhengig av å importere kraft blir meir sårbart og mindre attraktivt for ny industri.

Særleg når også nettkapasitet blir eit knappheitsgode.

Torsdag får det nye Kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal ein ny rapport om energisituasjonen i fylket på bordet. Her tenner Møreforsking dei fleste varsellampane som er å finne.

Så langt har vi levd på flaks.

I snitt er rundt 40 prosent av krafta som blir brukt i fylket årleg importert. Vi har hatt relativt lave straumprisar fordi vi har naboar med kraftoverskot. Vi kan ikkje stole på slik flaks i lengda. Utan ny kraftproduksjon i fylket vil underskotet kunne bli dobla i løpet av dei neste seks åra.

Då vil også Trøndelag, som er i same prisområde, og fleire andre regionar i landet ha fått kraftunderskot.

Problemet blir ikkje berre at vi får dyrare straum til panelomnane enn andre. Møreforsking advarer om at Møre og Romsdal er på veg inn i ein alvorleg situasjon som kan hemme samfunnsutviklinga. Både eksportretta næring og kraftkrevjande industri i fylket kan bli sett under press.

Utan ny kraftproduksjon i fylket vil underskotet kunne bli dobla i løpet av dei neste seks åra

Fylket vil også kunne kome langt bak i køa i konkurransen om dei nye, kraftkrevjande næringane.

Legg vi dette på toppen av eit krevjande etterslep og manglande investeringar i annan infrastruktur og ei svært utfordrande befolkningsutvikling, blir det ei tung bør å løfte for regionen.

Folketalsutviklinga og dyrare straumprisar var nokre av forklaringane til at Norge si konkurransekraft er svekka i ei internasjonal rangering nyleg. Vi gjer lurt i å lytte til alarmklokkene for å unngå at Møre og Romsdal blir eitt av fylka i landet der ei slik utvikling blir satt på spissen.

Vi må raskt ta grep.

Det finnast ingen snarvegar eller enkle løysingar. Vi må spele på heile tangentrekka, alt frå eit krafttak for energieffektivisering til rask utbygging av meir fornybar kraft i stort og smått. Vi må også få fortgang i investeringar i straumnettet, både regionalt og inn til regionen, særleg nord i fylket.

For å trygge regional konkurransekraft og attraktivitet må lokale politikarar, straumselskap og næringsliv vere offensive. Vi må gjere tiltak lokalt for auka kraftproduksjon og betre nett, men også presse på overfor sentrale styresmakter og nasjonale aktørar i kraftmarknaden.

Vi kan ikkje stole på at andre gjer det for oss.

Eller leve på flaks.