Straumprisen var negativ enkelte timar tidlegare i sommar, og er framleis mykje lågare enn sjokkprisane i vinter og fjor haust. Ein nedbørrik juli i Sør-Norge sørgjer også for god magasinfylling.

Svært mykje tyder derfor på at vi styrer klar eit nytt straumsjokk i haust.

Vi gjer likevel lurt i å ta med oss det vi lærte gjennom krisevinteren. Kraftmangel vil både gi oss dyrare straum og gjere oss meir sårbare.

I fjor sommar var Europa på full fart inn i ei alvorleg energikrise. Russland hadde lenge før invasjonen av Ukraina gradvis strupt tilgangen på gass til Europa. Etter invasjonen steig allereie høge prisar til ekstreme nivå.

Norske kraftmagasin hadde på same tid unormalt låg fyllingsgrad, både på grunn av lite nedbør i sør og høg eksport.

Summen av dette slo ut i historisk høge straumprisar. Mest alvorleg vart det på Sørlandet, Austlandet og Vestlandet sør for Sognefjorden. Næringsliv og husstandar i Midt- og Nord-Norge slapp lettare unna.

Hausten i fjor vil likevel også her bli hugsa for rekordprisar på straum som gjekk hand i hand med den høgaste inflasjonen på fire tiår.

I dag har norske kraftverk ei magasinfylling langt over fjoråret og godt over det som er vanleg for denne årstida. Søraust-Norge og Vest-Norge har ikkje sett like låge kraftprisar sidan 2020. I periodar har Austlandet hatt dei lågaste kraftprisane i Nord-Europa.

Gasslagera i Europa har ein fyllingsgrad på over 80 prosent. I fjor på same tid var den på 65 prosent.

Analytikarane spår likevel kraftig stigande straumpris utover hausten, men ikkje like ille som i fjor. Regjeringa har også styrka straumstøtteordninga, slik at den blir meir presis og tar betre høgde for store svingingar gjennom døgnet. Faren for prissjokk er difor ikkje lenger overhengande.

Vi kan puste litt letta ut, men ikkje slappe av.

I snart 150 år, sidan dei første glødelampane lyste i Skien i 1885, har vi lagt planar som om vi har hatt «uendeleg» tilgang på vasskraft. Det må vi slutte med. Straumpriskrisa har gitt oss ein ny lærdom.

Prognosane frå både NVE og Statnett peikar mot kraftunderskot om få år, også i normalår. Både Totalberedskapskommisjonen og Forsvarskommisjonen peikar på at dette utgjer ein risiko for norsk tryggleik.

Vi er svært sårbare, også i vasskraftlandet Norge. Denne sårbarheita vil auke i åra som kjem om vi ikkje tar grep. Vi må byggje ut meir nasjonal kraftproduksjon og få opp tempoet i energieffektiviseringa. Og vi må gjere alt dette raskare enn vi gjer i dag. Havvindplanane til regjeringa gir ikkje svar på denne utfordringa raskt nok.