Målet om å halvere utsleppa frå norsk innanriks skipsfart innan 2030 vil bli vanskeleg å nå. Tempoet i omstillinga er redusert.

Det er dårleg nytt.

For tempoet var altfor lågt frå før, trass storstilt elektrifisering av delar av ferjeflåten. Vesentleg sterkare verkemiddel må til.

Norge treng ein «hestekur» for å nå målet om å halvere klimautsleppa i ikkje kvotepliktig sektor innan 2030. Det vart slått fast då Miljødirektoratet la fram rapporten «Klimakur 2030» for tre og eit halvt år sidan.

60 ulike tiltak vart foreslått.

Så langt har kuren hatt for liten effekt til sjøs. Utsleppa i innanriks sjøfart har tvert om blitt større, og gapet mellom målet der vi står i dag berre veks ifølgje DNV sin rapport «Barometer for grønn omstilling av skipsfarten».

Skal Norge nå kuttmåla også til sjøs, må omstillingstakta aukast kraftig. Ei storstilt flåtefornying må til for å kome i mål. Langt fleire fartøy må over på elektrisitet, hydrogen, ammoniakk eller andre grøne drivstoff.

Både nærskipsflåten, fiskebåtar og offshorefartøy må med på den grøne bølgja.

Ordrebøkene ved verfta tyder ikkje på noko slikt omstillings-rush. Altfor få fartøy med lav- eller nullutslepp er under planlegging eller i ordre. Til no er det først og fremst ferjer og mindre fartøy i brønnbåtnæringa som er over på utsleppsfri teknologi.

Årsakene til at det går tregt er dels teknologiske utfordringar, dels økonomi og dels om tilgang på alternativt drivstoff. Fartøy som skal operere langt til havs under tøffe forhold er noko heilt anna enn ei ferje med 20 minutt gangtid til næraste ladestasjon.

Trass i at norske reiarar er i ferd med å auke takta i flåtefornyinga, vil dette ta tid – og koste pengar.

Til dømes er snittalderen i nærskipsflåten knapt 25 år. Det betyr at der er ein god del fartøy som er eldre enn dette som står framfor utskifting. Men det betyr også at dei nyare dieseldrivne skipa har fleire tiår framføre seg før dei vil bli erstatta. Økonomien i mange av desse reiarlaga er også pressa.

Skal vi få fart i utsleppskutta, må det sterkare verkemiddel til. Verktøykassa som regjeringa og Stortinget er utrusta med i dag, er mangelfull. Vi må snarast få på plass verkemiddel som gjer det meir lønsamt å skifte ut eldre skip raskare.

Det gjeld økonomiske ordningar, investeringar i infrastruktur og teknologi og strengare krav til nybygg. Elektrifisering av ferjer, brønnbåtar og snart hurtigbåtar er lågthengande frukter i denne omstillinga.

No står tyngre tak føre. Då må vi bruke meir musklar.