«Når du har sagt fra, er det barnevernets jobb å vurdere hvordan meldingen skal følges opp». Slik informerer Bufdir på sine nettsider.

Slik må det og skal det også vere.

Folk som fryktar at barn er utsett for omsorgssvikt, skal kunne melde fra og vere trygge på at saka blir undersøkt. Dei siste tre åra har det ikkje vore slik.

Ein teknisk feil har sidan 2020 ført til at ikkje alle bekymringsmeldingar til barnevernet har kome fram. Feilen er avdekt av Bergen kommune, men det er funne feil i fleire andre kommunar.

Kor mange bekymringsmeldingar det gjeld, er enno ikkje avklart. Berre i Bergen er det snakk om 21 meldingar.

Systemet er brukt av 244 kommunar.

Ein slik svikt i systemet er alvorleg. Her kan det vere svært sårbare barn og familiar som ikkje har fått heilt naudsynt hjelp. For barn som er utsette for alvorleg omsorgssvikt, kan dette vere katastrofalt.

Skadane enkeltbarn kan vere påført, kan ha sett livsvarige arr.

Om så berre eitt enkelt barn er i fare, må hjelpa til dette eine barnet prioriterast før alt anna

I tillegg vil ein slik systemsvikt kunne føre til svekka tillit til barnevernet. For mange vil det vere ein altfor høg terskel for å melde frå om mistanke om omsorgssvikt. No kan denne terskelen bli endå høgre fordi det er skapt uvisse om korleis slike meldingar blir tekne vare på.

Alle frå systemleverandøren Visma til råka kommunar, Datatilsynet, barne- og familieministeren er samde om at dette er heilt uhaldbart. Visma seier dei beklagar feilen på det sterkaste.

Heldigvis er det altså ingen som prøver å springe frå ansvar.

No er det maktpåliggande å snarast mogeleg rette opp feil, kartleggje omfanget og hindre at dette eller liknande kan skje igjen. Er det råd å gjenopprette data og finne att meldingar, må det setjast inn alle naudsynte ressursar for å få det til.

Alt som kan gjerast for å redusere konsekvensane for det enkelte barn og familie, må prioriterast. Om så berre eitt enkelt barn er i fare, må hjelpa til dette eine barnet prioriterast før alt anna.

Det kviler eit ansvar også på dei som har varsla om alvorlege forhold, men no er usikre på om meldinga til barnevernet har nådd fram. Det er betre å varsle ein gong for mykje.

Vi veit enno ikkje omfanget av skandalen, men kanskje er hundretals borte. Bak nokre kan det skjule seg ei tragedie.

Ei grundig, uavhengig gransking og full openheit er heilt naudsynt. Barnevernet slit frå før med eit tillits- og omdømeproblem blant enkelte. No må ein hindre at dette blir forverra.

Ikkje for barnevernet sin del, men for barn og familiar som treng barnevernet si hjelp.