Folk sin privatøkonomi er framleis under press, og presset ser ikkje ut til å avta med det første. I dag legg Norges Bank ein ny stein til den børa med endå eit nytt, varsla rentehopp.

For dei som har høg gjeld, betyr dette at den disponible realinntekta vil kunne krympe også i år, sjølv om tillegget i lønnsoppgjeret skulle bikke fem prosent.

Håpet er at rentetoppen snart er nådd.

Renteutviklinga står i fokus i desse dagar. I førre veke auka Den europeiske sentralbank (ESB) si styringsrente med eit halvt prosentpoeng. Onsdag kveld norsk tid var det amerikanske FED som inntok scena.

I dag kjem Norges Bank og Bank of England i tospann.

Alle har blikket stramt festa på inflasjonsmålet med renta som det viktigaste våpenet. Men samtidig er dette ein balansegang på stram line med kamp mot inflasjonen på eine sida og omsynet til finansiell stabilitet på andre.

I avgrunnen trugar ein spiral av stigande lønningar og stigande prisar.

Endå viktigare enn kva renta blir sett til i dag, er korleis sentralbankane vurderer det dei ser i den økonomiske horisonten. Det gjeld både for FED og Norges Bank. Korleis ser dei utsiktene til vekst og inflasjon, og kvar ligg rentebanen vidare?

For sjølv om dei fleste trur at både inflasjons- og rentetopp er nær, har slike spådommar vist seg svært usikre det siste året.

ESB sine prognoser nyleg var prega av uvisse. Bank of England fekk på ny tosifra inflasjonstal i fanget før sitt rentemøte, eit godt hakk over kva som var venta. Kollapsen i amerikanske Silicon Valley Bank og sveitsiske Credit Suisse får alarmklokkene til å ringe.

For Silicon Valley Bank sin del var hovudårsaka til trøbbelet eksponeringa mot langsiktige statsobligasjonar, som dei måtte selge med tap då kundane byrja å ta ut pengane sine frå banken. Dette var utløyst av den raske renteauken det siste året.

Så langt ser uroa i banksektoren ut til å ha lagt seg, og årsakene til problema er fundamentalt ulike frå det som utløyste finanskrisa. Banksektoren bør også vere langt betre rusta til å motstå uroa no enn då.

Tapstala er låge. Lånekundane betalar på sine lån, trass stadige rentehopp.

Mest truleg er vi med dagens renteauke nær rentetoppen. Den norske inflasjonen er også langt frå toppskiktet i Europa. Sentralbanken sitt behov for å lade kanonen endå kraftigare for å syne at den meiner alvor med å nå inflasjonsmålet, er difor avtakande.

Alle med høge lån bør likevel lytte ekstra nøye til sentralbanksjef Ida Wolden Bache i dag.

Ho kan enno ha litt krutt på lager.