Kampen om reinseanlegget for Ålesund og Sula ved Kongshaugstranda går likevel ikkje til ekstraomgangar. Slaget er avgjort, og det går mot byggestart.

Alt tyder no på at det kan bli avspark alt før sommaren.

Det er klart etter at fleirtalet i kommunestyret i Ålesund sa nei til ein omkamp om prosjektet. Innbyggjarane som har kjempa mot anlegget har likevel ikkje stått på utan nytte.

Kommunestyra i både Sula og Ålesund har tidlegare gjort vedtak om at det skal kome eit nytt, felles reinseanlegg for dei to kommunane i ein fjellhall på Kongshaugstranda. Prosjektet, som først var kostnadsrekna til 178 millionar kroner, har for lengst passert to milliardar.

Kostnaden og lokal motstand har sendt prosjektet gjennom fleire ekstrarundar i den kommunale mølla allereie.

Med eit byggjevedtak som kom tett opp under valkampen i fjor, hamna saka igjen på bordet til kommunepolitikarane i dei to kommunane i år. Begge stadar var det framlegg om å greie ut alternativ. I Ålesund var det Ålesundlista og Frp som fronta denne saka.

Høgre gjekk imot, mellom anna fordi Ålesund kommune har trusselen om byggjestopp hengande over seg.

Sjansen for at nye kostar i kommunestyra skulle endre tidlegare vedtak, var liten. Forslaget om omkamp vart då også nedstemt i begge kommunane – først i Sula og så i Ålesund torsdag.

Det er ikkje vanskeleg å skjøne at mange er skuffa, ikkje minst dei som er urolege for bumiljøet i nabolaget sitt. Mange av desse har følt at dei ikkje var tekne på alvor. Dei har kjempa for å få fram informasjon, og dei har kjempa for å bli høyrde.

Innsatsen har ikkje endra stort på sluttresultatet for motstandarane. Likevel har det sterke engasjementet i saka vore verdifullt. Debatten har bidratt til at dei fleste sider ved prosjektet har vorte ekstra godt belyst, og er også ei lekse i behovet for solid involvering av innbyggjarane i slike saker.

Så snart anboda er avgjort, startar bygginga. Truleg rullar anleggsmaskinene inn allereie før sommarferien. Det er vanskeleg å sjå noko som kan endre det. Ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) meiner det er tid for å sjå framover, og jobbe for at anlegget blir billegast mogeleg.

Akkurat det kan bli tøft nok.

Den sterke auken i anleggskostnader dei siste to åra kan by på ubehagelege overraskingar. Ein ny kostnadssmell vil hamne rett på rekninga for kommunale avgifter til innbyggjarane.

Den smellen er ikkje innbyggjarane i desse to kommunane åleine om å få. Vedlikehaldsetterslepet på vassforsyning og avløp i norske kommunar er truleg på minst 400 milliardar kroner. Den rekninga veks for kvar dag investeringane i gamle anlegg blir utsett.