Norge er eitt av dei minst korrupte landa i verda. Innbyggjarane i Norge er også blant dei som har størst tillit til styresmaktene. Desse to tinga heng saman.

Det er likevel naivt å tru at vi lever i eit korrupsjonsfritt samfunn.

Kvart år får politiet mellom 50 og 60 korrupsjonssaker på sitt bord. Talet er kanskje ikkje stort. Nær halvparten av dei blir også lagt bort. Det er likevel alvorleg nok. Vi må passe oss for å verte godtruande.

I dag legg Transparency International fram sin årlege korrupsjonsindeks. Igjen kjem det dystre tal. Fleirtalet av dei rundt 180 undersøkte landa har over lang tid svikta i kampen mot korrupsjon.

Tala i år blir ikkje særleg betre.

Korrupsjon trivst nemleg best der demokratiet står svakt. I snart 20 år har rapportane frå The Economist og Freedom House vist eit demokrati i tilbakegang globalt. Autoritære regime festar eit stadig hardare grep. På same tid er korrupsjonen i frammarsj.

Norden toppar både dei internasjonale demokrati-indeksane og korrupsjonsindeksen til Transparency International saman med land som New Zealand, Australia og Canada.

Og i Norge er det langt mellom dei store korrupsjonsskandalane. Berre to promille av alle saker med økonomisk kriminalitet handlar om korrupsjon. Vi har relativt godt vern mot underslag av offentlege midlar og få tilfelle av bestikkelser.

Det betyr ikkje at vi bur i eit korrupsjonsfritt land.

I desse dagar står tidlegare president i Det internasjonale skiskytterforbundet (IBU) Anders Besseberg for retten i Buskerud tingrett, tiltalt for korrupsjon. Og dei seinare tiåra har det vore fleire avsløringar med store norske selskap i korrupsjonssaker i andre land.

I tillegg er det i same periode rulla opp fleire saker med selskap som opererer i kryssingspunktet mellom offentleg og privat sektor i Norge. Korrupsjon kan også opptre på mindre openberre måtar ved misbruk av makt og posisjonar til personleg vinning eller nepotisme.

Korrupsjon kan ha mange former.

Norge er eit ekstremt tillitsbasert samfunn. Det skal vi vere glad for. Tillit er Nordens gull. Den gir sosial tryggleik, og bidrar til effektivitet i både i offentleg forvaltning og i næringslivet. Det syner til og med att på den økonomiske botnlinja.

Men stor grad av tillit har sitt motstykke.

Mangel på kontroll opnar for misbruk av maktposisjonar til eiga vinning. Vi må ikkje sløvast av å liggje i toppen av korrupsjonsindeksen. Vi treng kontroll, vi treng eit politi som har kompetanse og kapasitet til å gå inn i slike saker og vi treng ei uavhengig kritisk presse som ser makta i korta.

Og den viktigaste kontrollen: Eit ope og transparent samfunn.