Når det blir mindre rift om å kome inn på lærarutdanninga, gjer det nålauget større for dei som søkjer. Karaktersnittet for opptaket fell.

For dei som vil inn på studiet utan å ha dei beste karakterane, er det sjølvsagt fint. For framtidige elevar i skulen er det dårleg nytt.

Derfor er det kraftige fallet i søkinga til lærarstudiet urovekkjande.

Alle som har søkt høgare utdanning har no fått vite om dei kom inn på draumestudiet eller ikkje. Dessverre er det også i år færre førsteprioritetssøkjarar som kjem til å pakke flyttelasset for å starte på ei utdanning for å bli lærar.

Det er trist og det er dramatisk.

Lærarutdanninga har størst prosentvis fall frå i fjor til i år. Det syner dei endelege tala frå Samordna opptak. Til saman er det over 18 prosent færre med lærarutdanning som førsteval som har fått plass på lærarstudiet.

Landet over står det framleis ledige studieplassar.

Trenden frå dei føregåande åra er altså forsterka. På tre år har talet på dei som har fått tilbod om å starte på ei lærarutdanning falle med over 30 prosent. Med ei slik utvikling vil vi få større problem med å fylle klasseromma med kvalifiserte lærarar, ikkje mindre slik målet har vore i mange år.

For elevane betyr dette dårlegare læringsutbyte.

For eit høgkostland som er avhengig av å ha høgt kompetansenivå i samfunnet, betyr det svekka verdiskaping, konkurransekraft og kvalitet på velferdstenestene på lang sikt.

Flinke lærarar er den viktigaste faktoren for både trivsel og læringsutbyte for elevane. Skilnaden mellom gode og mindre gode lærarar kan tilsvare heile skuleår i læringsutbyte. I dag manglar rundt kvar tiande lærar formell pedagogisk kompetanse.

Målet må vere å få ned dette talet, og det så raskt som råd.

Skal vi få til det må vi få fleire av dei som har utdanna seg til lærar til å bli i yrket og få fleire til å velje ei lærarutdanning. Det må også vere eit mål å rekruttere så gode studentar til lærarstudiet som råd. Då må vi først og fremst få dei mest motiverte studentane.

I tillegg bør det vere konkurranse om å kome inn på studiet, slik at vi får elevar med eit godt fagleg utgangspunkt frå vidaregåande skule til å søkje yrket.

Dei seinare åra er det gjort mykje for å heve nivået på lærarutdanninga, både med innføring av obligatorisk masterutdanning og karakterkrav på matte og engelsk. Dette er uttrykk for solide ambisjonar for læraryrket og skulen.

Vi må få fleire til å velje lærarutdanning for å hauste full gevinst av denne innsatsen. Særleg viktig er det å styrke søkinga til utdanningane i distrikta, for det er der lærarmangelen er størst.