Trass i auka innsats mot mobbing i skulen, melder fleire elevar enn før at dei blir mobba. Det er alvorleg og sterkt urovekkjande.

Alle barn har rett til ein god og trygg skuledag.

Når så mange som kvar tiande elev opplyser at dei blir mobba i skulen, betyr det at innsatsen for å gi barn den trygge skuledagen dei har krav på, ikkje har vore god nok.

Elevundersøkinga for 2023 vart lagt fram i slutten av januar. No har forskarar ved NTNU Samfunnsforskning gått gjennom og analysert tala nærare. Det overordna biletet av analysen syner ein dramatisk auke i mobbing på skulen dei tre siste åra.

Det er auke på alle trinn, og auken er størst blant jentene.

I 2020 var det 5,8 prosent som svarte at dei hadde vore mobba av medelevar, opplevd digital mobbing av nokon på skulen eller at dei var mobba av vaksne. No svarar ti prosent det same.

Sjølv om seinverknadar av lange periodar med digital heimeundervisning under pandemien kan vere med på å forklare dette, kan vi aldri slå oss til ro med at dette vil rette seg etter kvart som vi får pandemiåra på avstand.

For det første: Dei som er mobba, kan ikkje vente. Til det er konsekvensane av mobbing for alvorlege, både i høve trivsel, læring og eleven si helse.

For det andre: Tiltaka for å få ned mobbetala har virka for dårleg, uavhengig av om noko av veksten dei siste tre åra kan skuldast pandemien.

Elevane har fått sterkare vern og rettar i Opplæringslova. Skulane har fått skjerpa plikt til både å førebyggje og til å handle. Det er innført mobbeombod i alle fylke. Etter innføringa av lærarnorma i 2017 har også talet på elevar per lærar gått ned.

Likevel aukar altså mobbinga.

Ei slik utvikling skal vi aldri akseptere. Nulltoleranse mot mobbing er lovfesta. Det forpliktar. På same måte som nullvisjonen mot dødsfall i trafikken, må dette følgjast opp med tiltak som virkar.

God klasseleiing og systematikk i arbeidet er avgjerande. Godt kvalifiserte lærarar og ei lærarutdanning som legg større vekt på å bekjempe mobbing må altså ligge i botn. Men det kviler eit minst like stort ansvar på skuleeigarar som på lærarar og rektorar.

Både skuleleiing og lærarane må få handlingsrom og støtte og ressursar.

I tillegg må foreldre, frivillige organisasjonar og andre som kan bidra til å skape eit trygt, inkluderande oppvekstmiljø både i og utanfor skulen involverast. Mobbinga korkje stoppar eller startar ved skuleporten.

Vi gjer i dag ikkje nok for å hindre mobbing. Det vi gjer, gjer vi ikkje godt nok.