Kutt i ferjedrifta i det omfang som det no ligg an til i Møre og Romsdal, er dramatisk. Fylkespolitikarane vil slite med å vri seg unna smertefulle grep.

Mest vondt blir det likevel for dei som brukar ferja.

Gleda over billegare ferjereiser vart kortvarig. Eit nytt ferjeopprør kan vere svaret.

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune fekk onsdag dei nakne tala på bordet. Nesten kvart einaste ferjesamband får rutekutt. Dette er eit resultat av budsjettkuttet frå desember.

Men det stoppar neppe der.

Hos regjeringa ligg det eit forslag som kan gi nye 187 millionar i inntektskutt for Møre og Romsdal. Då vil også ferje, buss og hurtigbåt måtte ta sin del av nye kutt. I sum blir dette ei rasering som vil svi.

Alt det som skjer i første runde er ille. Det betyr dårlegare bolyst og livskvalitet i mange ferjeavhengige samfunn. Vi vil få skiftarbeidarar som ikkje kjem seg på eller heim frå jobb. Barn vil bli utestengt frå fellesskap i fotball, handball eller korps.

Verst blir det for dei som bor der ferja er einaste vegen til slike fritidsaktivitetar.

I tillegg vil mange få trøbbel med å rekkje første flyavgang - eller kome seg heim frå siste kveldsflyet. Ekstra ventetid betyr også auka kostnader for næringslivet.

I alt skal det i denne runden sparast inn 65 millionar med full årseffekt neste år. Av dette skal det kuttast 50 millionar i ferjedrifta, 10 millionar på buss og fem millionar på hurtigbåt.

Framlegget skal no ut på høyring.

Endeleg vedtak blir gjort på fylkestinget sitt møte i juni, og ruteendringane skal setjast i verk ved neste årsskifte.

Alternativa for fylkespolitikarane er få. Utan auka inntekter må ein ta pengar frå skule, kultur eller vegvedlikehald. Der er det knapt frå før. Meir pengar frå staten kan dei sjå langt etter.

Her er trugsmålet motsett.

Fylket har eit betre tilbod i fleire samband enn staten meiner trengs. I tillegg ser eit forslag til endringar i inntektssystemet for fylkeskommunene ut til å ramme kystfylka i vest og nord kraftig. Fredag går høyringsfristen for dette framlegget ut.

Protestane frå kystfylka ser så langt ikkje ut til å gjere inntrykk på kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp). Truleg vil framlegget bli banka gjennom utan store endringar både av han og i Stortinget.

Resultatet blir at fylket må kutte minst like mange millionar i samferdsel som det som ligg på hoggestabben no. Ferjer og hurtigbåtar vil ikkje sleppe uskadd frå det.

Vi kan sitje roleg på ferjekaia, vente og ta imot, eller tenne faklane i eit nytt ferjeopprør.