Lovnaden om gratis ferje eller halvert ferjepris var lett å selje inn i valkampen. Då var det ingen som fortalte at ferjetilbodet kunne verte dårlegare.

Dette møter no reisande på ferjekaier langs heile kysten.

Nye ferjekutt som kjem i kjølvatnet av priskutt og svekka fylkeskommunal økonomi er ikkje så kjekke å forsvare. Då blir ansvaret skubba over på lokalpolitikarar langs kysten.

Kampen om å kome først i ferjekøa for å love billegare ferjereiser var hard før valet i 2021. Forklaringa var ferjeopprøret. Det hadde vakse frå ein laber bris til full orkan i løpet av 2019.

Krafta i opprøret var så stor at Solberg-regjeringa la det første tresifra millionbeløpet på bordet alt i revidert budsjett i 2021.

Men kappløpet var i gang. Frp, Sp og Ap lovte alt frå halvering av prisen til gratis ferjer på dei minst trafikkerte sambanda – altså sambanda det kosta staten minst å gjere gratis.

Ferjereisene har blitt billegare. Ingen tvil om det. Det var då også heilt naudsynt. Prisen hadde vorte stadig høgre som fylgje av dyr elektrifisering og ei statleg ferjefinansiering som ikkje stod i stil med behovet.

Møre og Romsdal var mellom dei som hadde betre tilbod enn det staten meinte at folk på kysten trong.

Ein høgre billettpris hadde vore ein måte å finansiere hyppigare avgangar, ekstra ferje eller nattruter – i tillegg til at ferjedrifta vart prioritert framfor andre fylkeskommunale område.

Ved årsskiftet kom rutekutta tilbake. Fleire samband i fylket har fått eit dårlegare tilbod, og fleire får det i løpet av året. Nattruter blir borte og det blir lenger mellom avgangane.

Dette er resultat av fylkeskommunale budsjettkutt før jul.

Ei av årsakene er inflasjonsbølga som skyller inn over ferjedekket. Men priskuttet på ferjebilletten spelar også inn. Det har vingeklipt det fylkeskommunale handlingsrommet.

Staten har auka ferje-overføringane til fylka, men ikkje nok til å dekkje rutetilbodet som var eller den ekstraordinære prisveksten. Fylket kan ikkje på same vis som før dekkje noko med auka inntekter frå dei reisande.

Der ferja er gratis, er handlingsrommet null. Der ferjeprisen er sterkt redusert, er handlingsrommet blitt mindre.

Fylket har med andre ord igjen blitt sitjande svarteper, med ei drift som meir enn før er prisgitt små statlege overføringar. Ferjedrifta i Møre og Romsdal er i dag underfinansiert med rundt 200 millionar.

Det er opp til fylkeskommunane å bestemme om ferja skal vere gratis, svarar samferdselsministeren på eit spørsmål i Stortinget frå Frank Sve (Frp) om dette var regjeringa sin plan.

Med dette skuldertrekket skubbar han ansvaret frå seg.