Maritimt næringsliv og offshore er mellom næringane som har størst vekst i talet på utlyste stillingar. Høge olje- og gassprisar er ein viktig drivar for dette.

Men ikkje åleine.

Fleire pilar peikar denne næringa sin veg igjen etter den kraftige nedturen som råka delar av næringa etter oljesmellen i 2014. For den maritime klynga i nordvest kan det gi ein etterlengta opptur.

Nordvestlandet, og særleg Sunnmøre, var lenge eit kraftsentrum for delar av den maritime næringa. Særleg har verft, utstyrsleverandørar, skipsdesign og offshorereiarlag stått sterkt.

Store investeringar på norsk sokkel gav vind i segla for maritime industri.

Sysselsettinga og mange private formuar vaks kraftig. Offshorereiarlaga ekspanderte, ordrebøkene ved verfta var fulle med offshorefartøy og utstyrsleverandørane støvsugde marknaden for ingeniørar.

I dei næraste åra fram til og med 2014 bidrog det til at Møre og Romsdal var mellom fylka i landet med størst økonomisk vekst. Men det året trefte oljesmellen maritimt næringsliv midtskips.

Offshorereiarlaga hamna i ei djup krise, og forsvann frå verfta og utstyrsleverandørane sine ordrebøker.

Verdiskapinga i fylket stupte. I åra etter 2014 hadde Møre og Romsdal og Vest-Agder den svakaste utviklinga mellom fylka, med negative BNP-tal. Heilt fram til 2019. Då kom eit taktskifte.

Viktigast for dette taktskiftet var truleg vekst i leveransar frå oppdrett og solide tal frå fiskeria. Møre og Romsdal var då det fylket i landet med størst BNP-vekst.

Maritim næring har hatt sin del av denne veksten.

Ferske tal frå NAV syner no at maritim næring, offshore og olje og gass er mellom næringane med størst vekst i talet på utlyste stillingar. Reiarlaga slit med å skaffe mannskap etter stor aktivitetsvekst og betydeleg auke i ratane.

Ved sidan av ein kraftig oppsving for havvind, først og fremst på britisk sokkel og i EU, er det olje- og gassnæringa som igjen gir vind i segla. Veksten i olje- og gassprisane som følgje av Russland sin invasjon i Ukraina er det triste bakteppet for dette.

Norge er no den viktigaste leverandøren av gass til EU.

Resultatet blir fleire år med høg aktivitet på norsk sokkel. Verfta ser enno ingen effekt av dette, og vi vil neppe få reprise på åra før oljesmellen. Men med olje og gass som eitt av fleire vekstområde kan det gi gode tider for maritimt næringsliv i nordvest.

Dette er både eit ansvar og ei mogelegheit.

Næringa og styresmaktene må løfte dette i lag.