Sunnmørsposten skriv på leiarplass 2. mars at Hasseldal og Vinje har vore uryddige med å spreie usikkerheit om kva det pågåande valet dreier seg om, nemleg om Haram skal gå ut av Ålesund eller ikkje, JA eller NEI. At dei har vore uryddige er vi absolutt einige i. Fleire og fleire har forstått at grensejusteringar ikkje høyrer heime i valet, men ikkje parhestane på rådhuset. Det gjer det ikkje betre at dei uttalar seg om dette sidesporet og prøver å spreie det midt i det pågåande valet.

Dette føyer seg etter vårt syn inn i rekka av utspel med mål om å påverke utfallet av valet og er tendensiøst. Fleire tusen stemmer er allereie gitt på førehand, og ikkje registrert på kvar kommunekrins dei høyrer til. Korleis skal administrasjonen då køyre ein ryddig prosess med ei solid utgreiing om endra kommunegrenser til innstillinga skal vere klar 10. mars? Dette vert useriøst og skremmande at øvste administrativ og politisk leier i det heile tenker tanken!

På kommunen sine heimesider ligg også ei lydfil der Hasseldal i klare ordelag gjer klart at han ikkje ønsker at ei lausriving skal skje, det passar seg vel ikkje å utøve påverknad i prosessen på eigen stab? Vi trur ikkje slik påverknad tener det som ein tydeleg vil oppnå, at lausrivinga mislukkast. Folket gjennomskodar det.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!