Sjølv har Knut Flakk uttalt at fem hus vil bli så sterkt ramma at han vil tilby å løyse dei inn. Ei enkel studie av kartet viser at minst ti hus vil få kablar og kabinar heilt ned til seks-sju meter over skorsteinen.

På begge sider av traseen ligg husa og hagane tett i tett. Frå taubanen vil dei som reiser, kunne studere dagleglivet til fleire titals familiar. Temmeleg nært og ofte. To gongar i minuttet vil vognene passere. Innkik til terrasser og hagar når dagen er lys. Innkik til stove, kjøkken og soverom når mørket fell på.

Set du deg i ein gondol, tek du ein kalkulert risk. Bur du under ei kabelbane, har du ikkje noko val. Risikoen er ikkje uvesentleg. På Voss ramla ein kabel ned. Frå utlandet kjenner vi til fleire dødsulykker. I Langevåg vil bana henge over ein leikeplass, eit bedehus, ein omsorgsbustad, ei rekke private hus, hagar og vegar.

Og kva når vognene blir trekt forbi trinser og hjul? Blir det fred og ro? Kva når kablar og master skal stå imot kuling, regn og snø?

Flakk-gruppa vil måtte erstatte tap. Til kven og kor mykje? Å selje hus nær ei taubane kan bli ei utfordring.

Fjell og natur

Høgre enn Vonhytta (ca. 510) er Sulafjellet i dag så godt som urørt. Kanskje er det berre dei nære byfjella (Aksla, Emblemsfjellet) som har like godt besøk her i fylket. Kring 50.000 menneske bur nærare fjellfoten enn ein halvtimes biltur.

Til dette fjellet vil Flakk-gruppa reise 14 master. Fire – fem av dei tett på hus. Dei andre med 200–300 meters avstand til topps. Ulikt vindmøller vil desse ikkje ha vengar, men kablar og 31 gondolvogner.

Inngrepet i naturen blir ikkje mindre når gravemaskinane skal byggje veg for lastebilar heilt til topps.

Tap av areal og artar vert av Naturpanelet i FN (2019) peika på som ein like stor trussel som den globale oppvarminga. Ein rapport (2019) konkluderer med at halvannan million dyr, planter, fuglar og insekt er trua.

Men ikkje alle ser verdien av urørt natur. Knut Flakk snakkar om å byggje utkikkspunkt, vegar, turvegar, zipliner og restaurant. I tillegg til svevebanen.

Masseturisme

Dagens Sulafjell-vandrarar vil kunne ta med niste og termos til Emblemsfjellet i framtida. Knut Flakk treng 150.000 turistar med dollar og euro. Håpet ligg i turistskipa. Først til Devoldfabrikken, så tusen i timen til fjells. Cruise-turistar har kanskje pengar, sjølv om undersøkingar viser at dei legg att lite på land.

Cruise er heller ikkje kva som ein gong var lova. Sunnmørs-verft som før ville bygge turistskip, jobbar hardt for å finne andre oppdrag. Det bør vi – og politikarane våre – også. Stikkord er trygge heimar, rein natur og berekraft.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!